Klarar Osterøy halda tabelltoppen?

Sandviken har starta sesongen med 3-0 siger mot Loddefjord og 4-4 mot NBK. I siste kamp er det verdt å nemna at dei spela 75 min med 10. mann på bana. Alt tyder difor på at det er tøff motstand som venter i Fugledalen ikveld.

Osterøy har – etter ein svak seriestart – reist seg og vunne sine to siste kampar. Til kveldens kamp er framleis Ørjan Bysheim og Bjarte Vik Larsen på skadelista. Joachim Borge Solberg er i troppen, men vert truleg spart ifra start av. I tillegg er Eirik Øvsthus reist tilbake til England, så han er ikkje disponibel ikveld. Det blir difor spanande og sjå kva for elleve trenarduoen slepp på bana ikveld.

Trenarduoen vonar uansett at laget kan gjenskapa dei gode prestasjonane frå førre kamp, og ta tre nye poeng framføre heimepublikummet.
Kampstart ikveld er kl. 18.00. Møt opp og støtt laget!