Jenter 2001 i Lerøy jentecup.
Første kamp var mot Fyllingen allerede klokka 9 om morgonen. Litt morgontrøtte jenter opna litt famlande, men klarte etterkvart å spela ilag. Etter ei stund fekk våre jenter hol på byllen og gjekk opp i 1-0 leiing, ikkje lenge etter utlikna Fyllingen, men Osterøy slo tilbake og gjekk opp i leiinga igjen. Fyllingen gav ikkje opp og følgte våre jenter tett, 2-2, men så fann jentene ut at det var best å «rista» dei av seg, kampen enda til slutt med eit strålande 4-2 resultat! Målscorarar var Victoria, Margarita, Synne og Maren.
I andre kamp mot Varegg Puma datt Osterøyjentene godt «nedpå» igjen, omtrent før ein hadde fått rigga seg opp, hadde Varegg fått seg ei scoring. Og motstandarane gjekk til pause med ei 3-0 leiing, liten innsats av våre jenter i denne omgongen, men i andre omgongen vakna dei heldigvis igjen og reduserte til 3-1, dette vart også sluttresultatet. Frida stod for Osterøy sitt mål.
Tredje og siste kamp var mot Gneist og her hadde Osterøy eit solid overtak gjennom heile kampen og produserte sjanse på sjanse, men ballen ville berre ikkje gå i mål. Bortelaget var dei første til å scora, like etter laga Synne ei perle av eit mål. Etter at våre jenter hadde pressa og pressa, kom Gneist med eit kontringsmål, noko som gjorde at dei gjekk sigrande av bana.
Martine.
Maren.
Mathilda.
Victoria.
Margarita sender avgårde eit skot….
…..som suser rett i mål!
Osterøy på vei i angrep!
Vår nye keeper Bjørg!