Overtydande siger i første treningskamp

Jørgen Vevle (2), Martin Hole Hanstvedt, Thomas Strøm Langeland sørga for ein komfortabel 4-0 leiing til pause. I andre omgang putta Stig Roar Bruvik to gonger. Det var med andre ord aldri tvil om  kven som var det beste laget. Askøy virka dårleg organisert, og det var fleire teoriar frå dei frammøtte tilskodarane om kva formasjon dei benytta seg av. Spørsmålet vart ståande ubesvart.

Osterøy på si side, stilte utan veteran Kim Solberg, Andreas Kollvangsnes, Eirik Øvsthus og Stian Svaasand. Fjorårets toppskårar Bjarte Vik Larsen spelte heller ikkje. Ein ung forsvars-firar, om ein ser bort frå aldrande Stian Aasheim, spelte med pondus og hadde få vanskar å hanskast med. På midten dirigerte Joachim Borge Solberg spelet med offervilje og høg innsats saman med tomålskårar Vevle. På kantane sprang (!) Ørjan «Stjerno» Bysheim og Øyvind Øvsthus. Sistnemde såg spesielt spelesugen ut og gjekk i duellar over ein lav sko. 

På topp i første omgang fekk nyervervinga Martin Hole Hanstveit og Thomas Strøm Langeland tillit frå start. Begge noterte seg for kvar sin skåring, og kom frå kampen med godkjent og vel så det.

Trenarteamet sette i pausen inn Stig Roar Bruvik og Daniel Bruvik for høvesvis Thomas og Øyvind. Etterkvart som 2. omgong skreid fram kom første års junior, Håvard Forthun, inn for Ørjan og Alexander Solberg for Sander. Erlend Lone erstatta ōg Mathias Riple i buret.

Ein ok gjennomføring før kveldens klubbsamling.

Biletet: Thomas Strøm Langeland og Martin Hole Hanstvedt – rå muskelkraft fordelt på kun få centimeter i høgda – skapte problem for gjestane gjennom heile første omgang. Begge noterte seg for kvar sin skåring.