Eit varp!

 

Martin Hole Hanstvedt signerte nemleg tysdag kveld papira som vil gjere han til Osterøyspelar komande sesong. Angriparen som ōg spelte for Osterøy me sist var i 4 divisjon vert rekna som ei solid forsterkning.

– Martin, med si røynsle og sin kapasitet, vil gå rett inn å styrka laget vårt, seier trenar Vevle då me masar litt til.

– Han er sterk fysisk og ein god avsluttar. Han er ōg god feilvendt. Me får rett og slett inn att mykje av det me mister når Bjarte (Vik Larsen) truleg forsvinn. Det seier seg dermed sjølv at me er glade for at han ville komma, smiler Vevle.

-Han set krav til omgjevnadene. Både til spelarane og oss trenarar. Han vil såleis løfta oss opp ķg i treningssituasjon. Som eg sa innleiingsvis; eit varp, sluttar Osterøtrenaren.

Men kvifor vart det Osterøy, Martin?

– Det er spanande ting på gong i klubben no. Det er eit ungt, godt mannskap – og det er fleire ungdommar på trappene. Eg kunne heller ikkje motstå moglegheiten til to durabelege lokaloppgjer mot VHFK. Eg ser verkeleg fram til å komma over dei på tabellen.

Korleis ser du for deg komande sesong då?

– Eg skal gjere det eg kan for at me skal klara å markera oss i 4. divisjon – noko eg er viss på at me skal klara. Eg ser fram til dette, sluttar Hanstvedt.

Me kan ikkje vera verre på det enn at me ynskjer Martin velkommen tilbake! Me ser fram til dette me ķg!