Kalassiger mot Trane

På lørdag spelte Osterøy sin nest siste heimekamp for sesongen. Trane var motstandar på kunstgraset i Fugledalen. Trane påførte i vår, Frode Vevle og hans menn sitt første tap, så revansjelysten var absolutt tilstades.

Osterøy tok kommandoen i kampen og styrte frå starten av. Trane forsvarte seg bra og Osterøy sløste med sjansane når dei fekk dei. Etter 45 spelte minutter sto det framleis 0-0 i målprotokollen.

2-omgong starta som første, og etter ca kvarteret kom endeleg 1-0 scoringa. Jørgen Vevle vann ein duell høgt i bana, og ballen vart liggande fri. Kim Solberg plukka opp ballen og slo ein presis ball gjennom Trane sitt forsvar. Thomas Strøm Langeland kom fossande gjennom, runda keeper og sette inn det viktige målet.

Men kor lenge hoppa Adam paradis? Like etter fekk Trane straffespark, til relativt høglytte protestar frå Andreas Kollvangsnes. Han vann ikkje fram me argumentasjonen sin og dermed var laga var like langt igjen.

Kampen fortsatte med sterkt Osterøy press, men dei måtte vente lenge på neste mål. Først midtvegs i omgongen kom den forløysande Osterøy scoringa. Denne gongen vart det Osterøy som fekk straffespark. Jørgen Vevle satte ballen sikkert i mål til 2-1.

No gjekk Trane opp i liminga og måla rant inn. Heile seks mål putta Osterøy på dei siste 20 minuttane av kampen. Jørgen Vevle scora noterte seg for sitt andre for dagen, Joachim Borge Solberg skåra eitt og storscorar Bjarte Vik Larsen satte inn heile fire mål. Vik Larsen er no oppe i 34 mål og fekk til slutt også bestemannsprisen av ein publikumsjury.

På slutten av kampen fekk også 15 år gamle Bjørnar R. Espelid sin debut for a-laget.

I og med at Fana 2 tapte sin kamp mot Skansen søndag, kan Osterøy sikra opprykket allereie i lørdagens kamp  mot Norheimsund. Det førutset imidlertid at Flaktveit avgir poeng i sin kamp mot Arna/ Bjørnar 2.
 

Osterøy – Trane  8-1 (0-0)

1-0: Thomas Strøm Langeland
1-1: Straffe
2-1: Jørgen Vevle (str.)
3-1: Jørgen Vevle
4-1: Bjarte Vik Larsen
5-1: Bjarte Vik Larsen
6-1: Joachim Borge Solberg
7-1: Bjarte Vik Larsend
8-1: Bjarte Vik Larsen


Laget: Mathias Riple, Robert Dyvik, Andreas Kollvangsnes, Anders Hatland, Joachim Borge Solberg, Kim Solberg, Jørgen Vevle, Øyvind Øvsthus, Bjarte Vik Larsen, Stian Aasheim (Stian Svaasans i 20. min), Thomas Strøm Langeland (Bjørnar R. Espelid i 10.min)