Cruisar vidare mot 4. divisjon

Mandag kveld tok Osterøy imot Vestsiden på kunstgraset i Fugledalen. Etter at både Fana 2 og Flaktveit hadde vunne sine kampar denne runden, var det viktig at Osterøy tok tre poeng slik at luka ned til dei held seg på fem poeng.
Og Osterøy kom godt igang. Før det var spelt i 10 minutter sette Bjarte Vik Larsen inn 1- 0. Etter målet fortsatte Osterøy å trykkja på, utan at det vart så mange sjansar av det. Vestsiden kjempa godt og fekk Osterøy ut av stilen. Det vart ikkje fleire mål i første omgong, så laga gjekk til pause med 1-0 til Osterøy.

I andre omgong gjer trenarduoen grep. Rikard Mjøs og Stian Svaasand vert tatt ut, og inn kjem Robert Dyvik og Stian Aasheim. Osterøy fortset å kontrollera kampen, utan å skapa dei store sjansane. Men ca 15 minutt ut i omgongen kjem 2-0 scoringa. Eit innlegg frå venstre går forbi keeper, og Bjarte kan setja inn sitt andre for dagen frå kort hald.

No går lufta litt ut av Vestsiden. Nokre minuttt seinare får Osterøy frispark ute på høgresida. Bjarte skyt eit lurt skudd i kortaste hjørne og det står 3-0. Hans 27. mål for seseongen. Like etter er Bjarte frampå igjen. Etter eit raid på venstresida vert han tatt innafor 16-meteren og dommaren dømmer straffe. Vestsiden-spelaren får sitt andre gule og må forlata bana. Bjarte tar straffen sjølv, men keeper reddar og Bjarte vert dermed ikkje firemålsscorar.

Men Osterøy scorar eitt til før det er slutt. Eit perfekt innlegg frå høgresida som Joachim Borge Solberg ekspederer enkelt i mål. 4-0 til Osterøy vert også sluttresultatet. Ein publikumsjury kåra Bjarte Vik Larsen til "Dagens Ostring".
 
Neste kamp for Osterøy er bortekamp mot Harding førstkomande lørdag. Då vert det satt opp buss, så me oppmodar alle som har lyst til å hengja seg på årets bortetur!!!
Ta kontakt med Vidar Rosnes, tlf 4126 2298 visst du ynskjer plass på bussen.
 

Osterøy – Vestsiden Askøy (1-0) 4-0


Laget:
Mathias Riple, Anders Hatland( Aleksander Solberg i 10.min), Andreas Kollvangsnes, Eirik Øvsthus, Joachim Borge Solberg, Rikard Mjøs(Robert Dyvik i 40 min), Jørgen Vevle, Øyvind Øvsthus, Bjarte Vik Larsen, Stian Svaasand(Stian Aasheim i 40.min), Thomas Strøm Langeland( Sander Midtun Solberg i 20 min).
 
1-0: Bjarte Vik Larsen 9.min
2-0:
Bjarte Vik Larsen 60.min
3-0: Bjarte Vik Larsen 65 min
4-0: Joachim Borge Solberg 85.min

Aktivitetar

Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar
Open trening TURN
Osterøyhallen
07 mai
Ekstraordinært Årsmøte
Osterøy IL Klubbhus
18 mai
24 mai