Fana 2 vart for sterke

I går tok Osterøy imot Fana 2 til toppkamp i 5.divisjon. Osterøy måtte starta kampen utan både Øyvind Øvsthus og Stian Aasheim, som begge vart skada i førre kamp. I tillegg mangla spelarar som Eirik Øvsthus, Michael Vikne, Frode Stokke og Sander Midtun Solberg.

Det var med andre ord ein litt tynn tropp som skulle ut å kjempa for poenga. Likevel er det Osterøy som tar tak i kampen. Storscorar Bjarte Vik Larsen noterer seg for to nye mål før det har gått kvarteret av kampen. Osterøy får med andre ord ein drømmestart.

Få minutter etter reduserer Fana. Osterøy fortset å føra kampen, og kunne scora fleire mål i denne perioden. Både Thomas Strøm Langeland, Jørgen Vevle og Ørjan Bysheim har store sjansar utan å få ballen imål. Men i omgongens siste minutt er Vik Larsen frampå igjen, og Osterøy går til pause med 3-1 leiing.

I andre omgong snur kampen heilt. Fana vil mest, spring mest og orkar mest. Allerede i omgongen første minutt kjem reduseringa til 3-2. Ca. 20 minutt ut i omgongen kjem utlikninga til 3-3. Osterøy har i denne perioden meir enn nok med å forsvara seg, og skapar fint lite. To halvsjansar med Rikard Mjøs og Bjarte Vik Larsen er det einaste me noterer.

Så i det 88.minutt tar Fana leiining etter ein corner. Osterøy prøver på ein sluttspurt, men utan å lykkast. Istadenfor er det Fana som tryggar leiinga med 5- 3.

Kort oppsummert kan me seia at Osterøy gjorde ein god første omgang, men vart til tider overkjørt i andre omgang. Så alt i alt var nok Fana sigeren fortjent. Ein publikumsjury kåra Andreas Kollvangsnes til "Dagens Ostring".

Me må også minna om at det allerede på lørdag er klart for ny heimekamp på Hatland. Då er det topplaget Flaktveit som kjem på besøk. Me håpar laget reiser seg fort og revansjerer gårsdagens tap allereie då. Møt opp og støtt laget!!
 

KAMPFAKTA

Osterøy – Fana 2 3-5 (3-1)
Osterøy Stadion


1-0: Bjarte Vik Larsen (9 min)
2-0: Bjarte Vik Larsen (12 min)
2-1: 17 min
3-1: Bjarte Vik Larsen (45 min)
3-2: 46 min
3-3: 65 min
4-3: 88 min
5-3: 90 min
 
Laget: Mathias Riple, Robert Dyvik, Andreas Kollvangsnes, Anders Hatland, Joachim Borge Solberg, Jørgen Vevle, Kim Solberg, Bjarte Vik Larsen, Ørjan Bysheim (Rikard Mjøs i 30 min) Thomas Strøm Langeland, Stian Svaasand          

 

Aktivitetar

02 mar
03 mar
24 mar
Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar