Opprykk til 1.divisjon

Osterøy/ Fotlandsvåg sine jenter 14 er klar for 1. divisjon til hausten.

Vårsesongen vart avslutta med toppkamp i Øystese for Osterøy/Fotlandsvåg sine jenter 14 1.lag. Det var to lag som ikkje hadde avgitt poeng denne sesongen som møttes. Starten av kampen var ganske jamn og det var to lag som ville vinna som møttes. Det vart ein tett og fartsfylt kamp som bølga fram og tilbake. Begge lag hadde store målsjansar og stillinga var 0-0 til pause. I 2. omgong sette våre jenter inn støtet og gjekk etter kvart opp til 2-0 leiing og supportarane kunne pusta litt lettare. Men det gjekk ikkje lenge før Norheimsund/ Øystese reduserte til 2-1 og det vart ny spenning  i kampen. Deretter scora våre jenter to raske mål og då gjorde det ingenting om det vart ei ny redusering på slutten. Me kunne jubla for nok ein seier 4-2 og ein vårsesong der jentene ikkje har avgitt poeng. Dei står med 27 poeng og 59-10 i målforskjell på 9 kampar.
Jenter 14 2. lag spelte også kamp samme dag mot Loddefjord.Det førte til at det berre var 12 spelarar på kvart lag. der 2. laget fekk låna 3 yngre lovande jenter.
2.laget gjorde ein flott figur sjølv om det vart 5-0 tap.

Nokre bilder frå tidlegare kampar.