Klart for ny heimekamp

I morgon spelar Osterøy sin niande kamp for året. Denne gongen er det den utsatte kampen mot Harding som står for tur

Dette er ein kamp Osterøy skal og bør vinna. Til denne kampen manglar Kim Solberg, Eirik Øvsthus og Mathias Riple. Det betyr at det vert nokre endringar på laget i høve til det laget som starta førre kamp mot Hetlevik.

Trenarduoen har difor tatt ut følgjande lag (4-2-3-1):
Morten Vevle i mål. Forsvarsrekka kjem til å bestå av Robert Dyvik (høgreback). Andreas Kollvangsnes og Anders Hatland (midtforsvar) og Joachim Borge Solberg (venstreback). Jørgen Vevle og Richard Mjøs vert dei to sentrale på midtbana, med Bjarte Vik Larsen framfor seg i den offensive midtbanerolla. På kantane kjem Øyvind Øvsthus (høgre) og Stian Aasheim (venstre) til å springa. Thomas Strøm Langeland vert åleine på topp.

På benken sit Frode Stokke, Glenn Torgersen, Aleksander Solberg, Michael Vikne, Stian Svaasand, Ørjan Bysheim og Sander Midtun Solberg.

Kampen går på grasbana og kampstart er klokka 15.00. Møt opp og støtt laget i kampen for opprykk!!