Tilbake på vinnarsporet


Lørdag var Osterøy i Norheimsund og spelte sin sjuande seriekamp for sesongen. Det var på førehand knytt spenning til om Osterøy skulle klara å revansjere det sure tapet mot Trane forrige helg, og det var dei gul/grøne som til slutt kunne jubla for tre viktige poeng.

 

Som vanleg denne sesongen var det Osterøy som tok kommandoen i kampen frå start av laurdag. Dei styrte banespelet, men klarte ikkje å skapa dei store målsjansane. Etter omlag 20 minutt får dei til slutt utteljing. Jørgen Vevle slår inn frå høgre. På bakre stolpe stormar Stian Aasheim fram og headar ballen i mål til 1-0 leiing.

 

Etter målet fortset Osterøy og styra kampen, og det er smått utrulig at det ikkje står 2-0 når Eirik Øvsthus først headar ballen i tverrliggaren og  misser på den påfølgande returen. Heller ikkje Ørjan Bysheim klarar å setja ballen i mål på dette som vart ein gedigen trippelsjansen til Osterøy. I staden er vert det utlikning då Norheimsund skårar på ein dødball.

 

Det går heldigvis ikkje mange minuttane før Osterøy er i føringa att. Ogås dette på dødball. Ein god Eirik Øvsthus ruvar høgast og stangar inn 2-1 leiing til gjestane. Dette vert òg pauseresultatet.

I andre omgang fell Osterøy-laget tilbake til syndene frå kampane mot Vestsiden-Askøy og Trane. Angrepsspelet vert stilleståande og det manglar tempo og bevegelse. Det vert dermed ei enkel oppgåve for Norheimsund å demma opp for Osterøy sine forsøk. Norheimsund tar over føringa i periodar men mislukkast i å skapa sjangsar framfor Mathias Riple i Osterøymålet.

 

Det vart nokre nervepirrande minuttar for dei tilreisande supportarane, men til slutt kan dei jubla for tre nye, viktige poeng. ”Dagens Ostring” var utan tvil Eirik Øvsthus. Han ruvar i midtforsvaret, vinn samtlege duellar og er flink i igangsettinga.
 
På grunn av ein del flytta kampar står det no fire heimekampar igjen før det er sumarferie. Alle desse kampane skal spelast på den fantastiske grasmatta på Hatland. Den første kampen er allereie på fredag. Då er det Hetlevik som er motstandar på Hatland. Me håpar mange tar turen for og støtta laget!!
 
0-1: Stian Aasheim (20. min)
1-1: (32. min)
1-2: Eirik Øvsthus (35. min)
 
Osterøy sitt lag: Mathias Riple, Anders Hatland, Andreas Kollvangsnes, Eirik Øvsthus, Glenn Torgersen( Robert Dyvik i 45min), Stian Aasheim, Joachim Borge Solberg, Jørgen Vevle, Ørjan Bysheim (Stian Svaasand i 30 min), Øyvind Øvsthus, Thomas Strøm Langeland (Aleksander Solber i 10 min)