Så kom tapet for Osterøy


Mandag kveld spelte Osterøy sin sjette seriekamp for sesongen.
Kampen gjekk på Krohnsminde, og motstandar for høvet var Trane. Sjølv om dei gul/grøne dominerte kampen enda sigersrekka. Trane vann til slutt, noko ufortent, 3-1.

Osterøy kom godt igang og styrte spelet frå start av. Dei sto høgt og var aggressive slik at dei vann ballen fort igjen når dei mista den. Men sjølv om Osterøy hadde ballen det meste av tida, skapte dei aldri dei store klare sjansane. Det vart mykje nesten framføre mål.

 

Like før pause vart det litt dramatikk då Bjarte Vik Larsen og ein Tranespelar skallar saman i ein hovudduell. Begge måtte forlata bana med kutt i hovudet. Like etter denne situasjone går Osterøy opp til 1-0. Thomas Strøm Langeland vinn ballen og spelar gjennom Ørjan Bysheim. Han trillar ballen sikkert i lengste hjørne. Osterøy går dermed til pause med 1-0 leiing.


I andre omgong vert kampbilete litt annleis. Osterøy klarar ikkje å vera like aggressive lengre, Trane sluttar med dei lange oppspela dei baserte spelet på i første omgang og byrja å spela meir ball. Kampen opnar seg opp, og det vert etterkvart mange situasjonar framfor måla.

 

I løpet av to minutt klarar Osterøy å skåra to sjølvmål og dermed står det 2-1 til heimelaget. Osterøy fossar i angrep for utlikning, men vert straffa hardt for dette. Nokre minutt etter leiarmålet vert ein Tranespelar spelt gjennom Osterøy-forsvaret. Han dundrar ballen i nærmaste kryss frå 16 meter på første ballberøring. Ei, om noko heldig, klasseskåring av Trane.

 

Osterøy fortset å kjøra på for redusering og skapte fleire målsjansar. Dessvere var dette dagen då ballen ikkje ville i mål. Dermed vert det til slutt 3-1 til heimelaget og Osterøy sitt første tap for sesongen.

 

På ein litt varierande dag for Osterøy var det litt vanskeleg å plukka ut dagens ostring. Men etter å ha rådført oss litt endar me opp med Jørgen Vevle som dagens.

 

For Osterøy sin del er det berre til å bretta opp armane og slå hardt tilbake i lørdagens kamp mot Norheimsund.
 

Trane – Osterøy 3-1 (0-1)

Krohnsminde


0-1:  Ørjan Bysheim (44. min)
1-1:  Sjølvmål (61. min)
2-1:  Sjølvmål (63. min)
3-1:  (69 min)
 
Osterøy sitt laget: Mathias Riple, Glenn Torgersen Michael Vikne (i 21 min) , Anders Hatland, Joachim Borge Solberg, Stian Aasheim, Jørgen Vevle, Kim Solberg, Bjarte Vik Larsen ( Stian Svaasand i 50 min) Ørjan Bysheim, Øyvind Øvsthus, Thomas Strøm Langeland.