5 strake for Osterøy

Osterøy er framleis på tabelltopp etter gårsdagens kamp mot Vestsiden/ Askøy, sjølv om dei på ingen måte imponerte spelemessig. Kampen bar preg av mykje feilpasningar og lite fintspel.

Noko av skulda må ei ujevn bane ta, men me mistenkjer også mange for å ha tatt for lett på oppgåva. Det var noko stilleståande og dødt over laget. Men nokre sjansar fekk laget likevel.

Første store sjanse får Øyvind Øvsthus. Men istadenfor å skyta sjølv, spelar han ballen vidare og sjansen renn ut i ingenting. Litt seinare får Thomas Strøm Langeland ballen i nota, men han vert avvinka for offside. Same Thomas fekk omgangens største sjanse, men han skyt i ryggen til ein forsvarar og ut til corner.

Til slutt må det straffespark til for å få mål. Bjarte Vik Larsen får ballen 5-6 meter rett framfor mål og vert dytta overende av ein forsvarar. Soleklart straffe, og det hadde ikkje vore noko å seia på om fargen på kortet hadde vore rødt istadenfor gult. Jørgen Vevle set ballen sikkert imål. 1-0 vert også pauseresultatet.

I andre omgong prøver Osterøy å pressa høgare i bana og lykkast delvis. Dei vinn ballen høgare, men framleis vert det for mange upresise avleveringar. Litt ut i omgongen får Øyvind Øvsthus ein kjempesjanse etter innlegg frå Stian Aasheim, men set ballen rett på keeper. Osterøy har også eit par skuddforøk frå distanse, men det vil seg ikkje heilt.

Omsider er det Bjarte Vik Larsen som utnyttar ein misforståelese i Vestsiden forsvaret. Han rundar keeper og set ballen i det tomme målet. Vik Larsen sitt åttande mål på fem kampar.

På slutten av kampen har Vestsiden nokre farlege dødballar, som kunne endt med scoring. Men Morten Vevle heldt nullen, og Osterøy tar sin femte strake seier.

Ein jury som besto av fire kompetente supportarar deler prisen som dagens ostring mellom Joachim Borge Solberg og Stian Aasheim. I tillegg får Kim Solberg og Morten Vevle godkjent for sin innsats. Resten av laget bør heva seg mange hakk til neste kamp. Den kjem allereie på lørdag og er mot Harding. Kampen går på grasbana og har avspark kl. 15.00.
 
Osterøy sitt lag: Morten Vevle, Michael Vikne (Anders Hatland i 20 min) Andreas Kollvangsnes, Joachim Borge Solberg, Stian Aasheim, Kim Solberg, Jørgen Vevle, Bjarte Vik Larsen, Ørjan Bysheim (Stian Svaasand i 25 min), Øyvind Øvsthus, Thomas Strøm Langeland( Richard Mjøs i 10 min)
 

Vestsiden/Askøy – Osterøy 0-2 (0-1)
5 div. avd 2
Davanger Idrettsplass


0-1: Jørgen Vevle  ( 36min str.)
0-2: Bjarte Vik Larsen ( 74 min)
 

Aktivitetar

02 mar
03 mar
24 mar
Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar