Jaktar 3 nye poeng

Etter ein spelepause på over to veker er det endelig klart for ny kamp for a-laget. Denne gongen er det Vestsiden-Askøy som står på motsatt banehalvdel.

Vestsiden-Askøy rykka ned ifrå 4. divisjon ifjor, og har fått ein tøff start på årets sesong. Dei tapte sine tre første kampar, før det tok sin første trepoengar i førre runde. Det er med andre ord ein kamp eit Osterøylag i medvind absolutt skal vinna.

 

For Osterøy sin del er det viktig å holda seg på vinnersporet sjølv om dei har hatt ein lengre kamppause. Trenarduoen har nesten fulltallig tropp å velgja mellom. Berre Martin Dyvik og Eirik Øvsthus er uaktuelle til denne kampen.

 

På trening måndag kveld tok dei ut følgjande startellevar: Morten Vevle, Michael Vikne, Anders Kollvangsnes, Joachim Borge Solberg, Stian Aasheim, Kim Solberg, Jørgen Vevle, Bjarte Vik Larsen, Thomas Strøm Langeland, Øyvind Øvsthus, Ørjan Bysheim. På benken sitt: Mathias Riple, Glenn Torgersen, Aleksander Solberg, Frode Stokke, Richard Mjøs, Sander Midtun Solberg, Stian Svaasand, Anders Hatland.


Kampen går på Ravnanger gras og avspark er klokka 1900.
Me oppmodar alle, både med og utan fritidsproblem til å ta turen til Askøy for å støtta laget.