Snuoperasjon av Jenter 11

Etter å la lagt under 3-0 til pause, gjekk jentene jublande av bana med 4-3 siger!


Margarita sender avgårde eit skot

Kampen gjekk føre seg i Fugledalen torsdag 10.mai og Osterøyjentene starta bra, men det var Fri som fekk det første målet. Utover i omgongen pressa heimelaget mot Fri sitt mål, men ballen havna som regel i stonga eller like utafor.
Istadenfor var det Fri som fekk 2 nye mål, så stillinga til pause var 0-3.

Vikartrenar, Jan Kåre Grøtte, hadde nok ein god prat med jentene i pausen, for då var det full gass med ein gong og endeleg fann ballen nettmaskene, og det heile 4 gongar! Dei flotte måla vart laga av Victoria, Andrea, Martine og Margarita.

Vart nokon spanande sluttminutt, men heldigvis heldt resultatet heilt inn, og både spelarar og foreldre kunne sleppa jubelen laus!

Andrea prøver å nå ballen først.

Heidi gjorde som vanlig ein flott innsats i målet.

Peptalk av vikartrenar Grøtte.

Samarbeid av Andrea og Julie.

Martine var ein av målscorarane.



Nora leitar etter nokon å senda ballen til.

Sofie og Frida gjorde som vanlige ein topp jobb i forsvar.

Aktivitetar

02 mar
03 mar
24 mar
Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar