Siger i naboduellen

Lørdag tok Osterøy sin fjerde strake siger for sesongen. Men i motsetning til dei førre kampane så måtte laget virkelig slita for poenga denne gongen. Det vart ein skikkelig slitekamp,der ein berre i korte periodar klarte å dra fram finspelet.

Osterøy kom under tidleg i kampen. På eit innlegg frå venste er Joachim B. Solberg uheldig og headar ballen forbi ein utspelt Mathias Riple. Men det tok berre knappe 10 minutt før Thomas Strøm Langeland utlikna for Osterøy. Han vart spelt nydeleg fri av Bjarte Vik Larsen og sette ballen iskaldt i mål åleine med keeper.

 

Etter utlikninga har Osterøy sin beste periode og kjem til ein del sjansar. Ørjan "Stjerno" Bysheim har den aller største, men set ballen over mål etter å ha dradd av to forsvarar. Istadenfor er det A/B 2 som mot spelets gong går opp i leiinga. Osterøy mister ballen høgt i bana og heimelaget får ein kontring som til slutt ender med mål. Før pause har Thomas Strøm Langeland ein stor sjanse til å utlikna, men denne gongen trillar ballen i stolpen og ut. Dermed står det 2- 1 til pause.


2. omgong vert prega av mykje feilpasningar, lavt tempo og konstant blåsing i fløyta frå mannen i svart. Frustrasjone byrjar å ta overhånd og det er litt småampert i periodar.

 

Med ca 20 minutt igjen gjer trenarduoen grep. Glenn Torgersen kjem inn for Stian Svaasand, og Joachim B. Solberg vert flytta høgare i bana. Etter dette tar Osterøy over initiativet i kampen igjen. Og ca 10 minuttar før slutt kjem utlikninga. Bjarte Vik Larsen ruvar høgast på ein corner og headar inn 2 – 2.

 

Målet er ei vitaminnsprøytning for Osterøy, og dei kjører på for sigersmålet. Ca fem minuttar før slutt får Osterøy frispark like utanfor 16 meteren. Bjarte Vik Larsen gjer seg klar, og han løftar ballen elegant over muren og i mål. Snuoperasjonen er eit faktum og Osterøy kan innkassera tre nye poeng.

Med 12 poeng på fire kampar og imponerande 21 – 3 i målskilnad er laget framleis serieleiarar.


Ein kompetent jury blandt dei 30 tilreisande supporterane kåra Jørgen Vevle til ”Dagens Ostring”. Redaksjonen vil også trekka fram Frode Stokke sin innsats i ein uvant posisjon som venstreback.
Kommande helg har Osterøy spelefri, så neste kamp er ikkje før 15.mai. Då skal laget til Askøy for å møta Vestsiden/Askøy.

Neste heimekamp er lørdag 19.mai mot Harding.
 
Osterøy sitt lag: Mathias Riple, Michael Vikne, Andreas Kollvangsnes, Joachim Borge Solberg, Frode Stokke (Richard Mjøs 10 min), Kim Solberg, Jørgen Vevle, Bjarte Vik Larsen, Ørjan Bysheim, Thomas Strøm Langeland, Stian Svaasand (Glenn Torgersen 70 min)
 
1-0: 8. min
1-1: 17. min Thomas Strøm Langeland
2-1: 33. min
2-2: 79. min Bjarte Vik Larsen
2-3: 86. min Bjarte Vik Larsen
 

 

 

Aktivitetar

10 mar
Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar
Open trening TURN
Osterøyhallen
07 mai
Ekstraordinært Årsmøte
Osterøy IL Klubbhus
18 mai