Tre strake for Osterøy

Lørdag kom Erdal på besøk for å prøva å påføra Osterøy sesongens første poengtap. Dei måtte reisa heim att med uforetta sak. Etter ein litt treg start vann Osterøy 5-1, og har framleis full poengpott.

Som då Skansens BK var på besøk onsdag, var det også i går stort publikumsframmøte i Fugledalen. Alle forventa 3 nye poeng til dei gul/grøne, men Erdal hadde gjort heimeleksa si. Osterøy prøvde som i dei foregåande kampane å gå knall hardt ut å ta kontroll på kampen, men lukkast ikkje heilt. Erdal demma opp og kom straks i retur; det stod 0-1 etter knappe 3 min. Ein kaldusj for dei talrike heimesupportarane.

 

Osterøy sleit litt med å få til spelet sitt med ein gong etter skåringa. Erdal gjorde det dei kunne for å halde tempoet i kampen nede, og lukkast greit med dette. Ei stund. Etter 12 minuttar var det nemleg klart for utlikning. Som så ofte før denne sesongen er det Jørgen Vevle som er servitør. Han sender av ein stikkar som Øyvind Øvtshus plukkar opp, og sikkert ekspederer i mål.

 

Osterøy tar etter dette meir over spelet, som i stor grad foregår på gjestane sin banehalvleik. Dei store sjangsane uteblir riktignok, men ein føler likevel ikkje at Erdal er noko trussel. Publikum må likevel vente heilt til fem minuttar før kvilda på Osterøy-leiing. Fine kombinasjonar mellom Bjarte Vik Larsen og Stian Aasheim på venstrekant endar med at Stian kjem seg fri ved dødlinja. Som det står i læreboka slår han ut 45, der Øyvind Øvsthus står og ventar. Keeper reddar første forsøk, men må gi retur. Den set Øvsthus sikkert i mål til 2-1.

 

Sekundar før pausesignalet bles dommar for straffe til Osterøy. Øyvind Øvsthus prøver å få ballen inn i feltet, men ballen stoppar i ein hand. Broder Eirik Øvsthus er sikker straffeeksekutør og fiksar med det 3-1 leiing til pause.

 

Andre omgang startar slik den første slutta; med Osterøy dominans. Eller snarare kontroll. Osterøy spelar ball og har god tid i angrepsoppbygginga. Dei skaper nokre halsvsjangsar, men ikkje stort meir. Erdal på si side slepp ikkje til i det heile.

 

Først eit kvarter ut i omgangen er det duka for ny gul/grøn jubel. Ørjan «Stjerno» Bysheim forserer eit par tre spelarar frå sin høgrekant, fintar først eit skot og knallar deretter ballen i mål heilt nede ved stolperota til 4-1.

 

Ti minuttar seinare jublar publikum for ny skåring. Stian Svaasand, som er komen inn for Stian Aasheim kombinerer fint med Bjarte Vik Larsen. Svaasand sender ein perfekt stikkar gjennom Erdal-forsvaret, Bjarte ekspederer ballen i mål frå skrått hald. Jubelen stilnar kjapt då dommarassistenten har flagget oppe. Målet vert, etter det me kan sjå, feilaktig annulert for offside.

 

I siste speleminutt kombinerer dei to igjen. Denne gong er det Bjarte Vik Larsen som sender ein chip over forsvaret til gjestane. Erdal sin høgre back rekk akkurat ikkje opp, og Stian Svaasand er dermed åleine med keeper. Den unge venstre kanten gjer ingen feil og fastsett sluttresultatet til 5-1.

 

Trenarduoen smiler frå øyre til øyre då me slår av ein prat etter kampen; Kva seier du, Frode? Nøgd? prøver me. – Jeeaa. Ein kamp heilt på det gjevne, repliserer han med eit blunk. -Neidå. Me er i støtet om dagen, og er nøgd med prestasjonane til laget.  – Me registrerer i alle fall at heimepublikumet etterkvart har store forventningar til oss, skyt Jon Steinar Hatland inn med eit smil. – Me leiiar 4-1 og det kjem rop frå tribuna om å kjøra på! Det spørs om me kjem til å klara å leva opp til 5 mål, eller meir, kvar einaste kamp.

 

Ein publikumsjury kåra forresten Ørjan «Stjerno» Bysheim til «Dagens Ostring». Ikkje ufortent. Den rutinerte angrepsspelaren varta opp med fleire gode involveringar og noterte seg for sitt 2. mål denne sesongen.

 

Osterøy – Erdal 5-1 (3-1)

 

0-1: (3 min)

1-1: Øyvind Øvsthus (12 min)

2-1: Øyvind Øvsthus (40 min)

3-1: Eirik Øvsthus (str) (45 min)

4-1: Ørjan Bysheim (61 min)

5-1: Stian Svaasand (90 min)

 

Osterøy sitt lag: Mathias Riple, Frode Stokke (Michael Vikne 54.min), Andreas Kollvangsnes, Eirik Øvsthus, Joachim Borge Solberg, Ørjan Bysheim, Kim Solberg, Jørgen Vevle (Richard Mjøs (79. min), Bjarte Vik Larsen, Stian Aasheim (Stian Svaasand 67.min), Øyvind Øvsthus (Thomas Strøm Langeland 67. min)