Målfest i Fugledalen


Skåra tre:
Bjarte Vik Larsen (t.v) briljerte til tider mot Skansen onsdag kveld. Han noterte seg for tre nettkjenningar og vart kåra til "Dagens Ostring" av ein publikumsjury.

Årets første heimekamp ende med målfest og storsiger til Osterøy. Dei gul/grønne gav seg ikkje før det sto 7-0 i målprotokollen. Dermed har Osterøy fått ein kanonstart på årets sesong.

 

Osterøy gjekk ut i hundre og punkterte eigentleg kampen i det første kvarteret. Allereie etter fire minutt låg den første ballen i nota. Øyvind Øvsthus mottek ballen inne i feltet, vender elegant vekk ein forsvarar og trillar ballen i lengste hjørnet. Få minutt seinare er det klart for 2-0. Jørgen Vevle vender seg elegant fri på midten og slår ein perfekt stikkar til Stian Aasheim. Åleine med keeper plasserer Aasheim ballen sikkert nede i hjørnet. Fire minutt seinare slår Jørgen Vevle ein perfekt corner som stopparbauta Eirik Øvsthus stangar i mål til 3-0. Dermed har Osterøy festa eit godt grep om nye 3 poeng.

 

Etter ca. 20 minutt er det ny corner til heimelaget. Igjen slår Jørgen Vevle ein presis corner.  Denne gongen er det Bjarte Vik Larsen som heng høgast og headar ballen i mål til 4-0. Med dette har unge Vevle vore nest sist på tre skåringar. Men no er det klart for ”Bjarte Show”. Midtbaneeleganten skårar både 5 og 6-0 før laga går til pause. 5-0 kjem etter ein flott enkeltprestasjon der han frå høgre kant dreg seg forbi eit par mann og curlar ballen elegant i lengste hjørne med venstre foten. Deretter ekspederer han eit frispark direkte i mål frå 18 meter. Osterøy går dermed til halvtid med 6-0 ei svært komfortabel leiing og får fortent applaus frå eit talrikt heimepublikum.


Applaus får også Thomas Strøm Langeland som no er tilbake i Osterøy-drakta etter eit kort opphald i Fotlandsvåg.


I andre omgang tek Osterøy foten av gassen noko, og kvaliteten dett eit par hakk. Skansen tettar betre att bakover, men klarar ikkje å skapa noko offensivt. Osterøy har ballen mykje, men slit med å skapa dei klare målsjansane. Men eitt mål til skal det bli til slutt. Nok ein gong er det etter ein corner. Jørgen slår inn, så er det litt att og fram før Ørjan Bysheim får tak i ballen, tråklar seg fram og til slutt får slått tilbake til Eirik Øvsthus. Øvsthus set ballen fint i lengste hjørne til  7-0. Dette vert òg sluttresultatet.

 

Dermed har Osterøy seks poeng og 13-0 i målforskjell på dei to første kampane. Ein jury blant publikum kåra Bjarte Vik Larsen til dagens ostring.
 
Me minner også om at det er ny heimekamp allereie på lørdag. Då kjem Erdal på besøk i Fugledalen. Avspark er kl. 15.00

 

Osterøy – Skansen BK

 

1-0: Øyvind Øvsthus (4.min)
2-0: Stian Aasheim (7.min)
3-0: Eirik Øvsthus (12.min)
4-0: Bjarte Vik Larsen (22.min)
5-0: Bjarte Vik Larsen (27.min)
6-0: Bjarte Vik Larsen (34.min)
7-0: Eirik Øvsthus (78.min)

Osterøy sitt lag:Mathias Riple, Glenn Torgerse (Aleksander Solberg 65 min), Andreas Kollvangsnes (Ørjan Bysheim 65 min), Eirik Øvsthus, Joachim B. Solberg, Kim Solberg, Jørgen Vevle, Stian Svaasand,(Sander Midtun Solberg 72 min) Bjarte Vik Larsen, Stian Aasheim, Øyvind Øvsthus

 

Aktivitetar

02 mar
03 mar
24 mar
Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar