Storsiger i seriepremieren


Målskårar og servitør: Stian Aasheim var frisk i serieopninga mot Apollo, fredag ettermiddag. Først skåra han sjølv 1-0 målet, før han sette opp Ørjan Bysheim til 2-0

Årets første seriekamp gjekk av stabelen på Davanger fredag kveld. Apollo var vertar for eit Osterøy-lag som har alle intensjonar om å vera med i toppen av si avdeling denne sesongen.
Dei omlag 20 tilreisande supportarane fekk servert ei overtydane forestilling, som enda med ein komfortabel 6-0 siger.

 

Osterøy gjekk ut i hundre og satte press på bortelaget umiddelbart. Allereie etter 6 minutter låg første ballen i nota. Stian Aasheim vart glimrande frispelt og gjorde ingen feil åleine med keeper. Han satte ballen iskaldt i lengste hjørne, og kunne juble for si første Osterøy-skåring i ein obligatorisk kamp.

 

Osterøy fortsette å presse på. Spesielt målskårar Stian Aasheim på venstrekanten var aktiv i starten. Apollo sin høgreback fekk kjørt seg såpass at han måtte i kneståande å hiva etter pusten  før det var gått 10 minutt.

 

Etter 15 minutt var det klart for 0-2. Nok ein gong angreip Osterøy på venstresida. Stian Aasheim vart nydeleg spelt fri av Øyvind Øvsthus. Aasheim slo ballen presist inn framfor mål, og på bakerste stolpe kom Ørjan ”Stjerno” Bysheim og breidsida ballen enkelt i mål. Etter dette skåringa sank tempoet i kampen, og det var ein periode med dårleg presisjon og lavare balltempo.

 

Mot slutten av omgongen skrudde Osterøy opp tempoet igjen og satte Apollo under nytt press. I det 42. minutt kjem mål nummer tre. Jørgen Vevle slår ein presis corner. Inne framfor mål ruvar Bjarte Vik Larsen høgast og skallar inn 3-0. Allereie før dei tilreisande Osterøy-supportarane har fått sett seg ned att etter skåringa er det 4-0 til gjestane. Bjarte Vik Larsen dreg seg fri i feltet og får løyst skot, men keeper reddar og gir retur. Øyvind Øvsthus reagerer først og er vakent framme og tuppar ballen i mål. 4-0 vert også pauseresultatet.

Første halvdel av andre omgong skjer det fint lite å skriva heim om. Osterøy styrer og har ballen, men skapar lite i denne perioden. Frode Stokke pådreg seg ein skade og må overlata plassen på høgre-back til Glenn Torgersen.



Dagens ostring: Eirik Øvsthus tapte ikkje ein einaste duell i Osterøy sitt midtforsvar og vart kåra til dagens ostring av dei tilreisande supportarane.
 

Først etter 70 minutt er det klart for meir Osterøy-jubel. Bjarte Vik Larsen drar av tre mann og spelar ballen til Stian Svaasand, som er komen inn for Ørjan Bysheim. Svaasand slår ein fin stikkar til Øyvind Øvshus, som rundar keeper og skårar sitt andre for dagen.

 

Også Bjarte Vik Larsen skulle verta tomålsskåra, og igjen var Stian Svaasand nest sist på ballen. Svaasand snappar ein ball på høgresida og slår ballen inn framfor mål. Der står Vik Larsen og ventar, og etter at eit par Apollo-spelarar har sett seg på rompa på den eviggrønne matta på Davanger, trillar han ballen i nota og fastset sluttresultatet til 6-0.

 

Trenarduoen var godt nøgd med kampen, og det var god stemning blant gjengen som sette seg på bussen heimatt til ”Øynæ”. Dei tilreisande supportarane kåra Eirik Øvsthus til dagens beste ostring.

Allereie på onsdag er det klart for ny kamp. Då kjem Skansen på vitjing i Fugledalen. Kampen har avspark 19.00. Me kjem attende med førehandsstoff om den kampen.

 

Apollo – Osterøy 0-6 (0-4)

0-1: Stian Aasheim

0-2: Ørjan Bysheim

0-3: Bjarte Vik Larsen

0-4: Øyvind Øvsthus

0-5: Øyvind Øvsthus

0-6: Bjarte Vik Larsen

 

Osterøy sitt lag: Mathias Riple, Frode Stokke (Glenn Torgersen), Andreas Kollvangsnes, Eirik Øvsthus, Joachim B. Solberg, Jørgen Vevle, Kim Solberg, Bjarte Vik Larsen, Ørjan Bysheim (Stian Svaasand), Øyvind Øvsthus og Stian Aasheim.