Osterøy vann Osterøy Cup 2012

I helga vart det blåse liv i Osterøy Cup att. Dei fire klubbane på Osterøy var alle representert i dette uoffisielle Osterøy-meisterskapet. VHFK kunne riktignok ikkje stilla med sine beste, men VHFK2 var likevel nær ein finaleplass.

Osterøy Cup vart sparka i gang, fredag, med kampen mellom Fotlandsvåg og Hausvik. I ein ikkje kamp som ikkje vil bli huska for noko storspel, vann Fotlandsvåg til slutt komfortabelt 3-0. Med dette var Fotlandsvåg klar for finalen, medan Hausvik måtte ut i kamp om tredjeplass.


Etterpå var det klart for Osterøy mot VHFK 2. VHFK starta med to straffar som begge vart ekspedert i mål. Dermed leia VHFK, som forventa, 2-0 før kampen vart sett i gang. Joachim Borge Solberg reduserte til 2- 1 tidleg i kampen, og vertslaget pressa på for utlikning. Heile første omgang var stort sett einvegskjøring og det var ganske utruleg at det framleis sto 2-1 til pause. Det må leggjast til at VHFK fekk eit mål annullert på slutten av omgongen. Ein avgjer som såg tvilsam ut.

 

I 2. omgang fortsette Osterøy å pressa utan å få utteljing. I staden var det VHFK som auka til 3-1. Det såg no mørkt ut for Osterøy. Då det stod att 3 minutt av ordinær tid reduserte Øyvind Øvsthus til 3-2 og det var dermed duka for spenning i sluttminuttane. Fire minutt0 på overtid kom utlikninga. Stian Aasheim skrudde ein corner rett i mål (Red.anm.: Nokon MÅ ha vore borti ;-)) og dermed måtte det straffekonkurranse til for å avgjera kampen. Også denne tok tid. Først på det åttande straffesparket kom første bom då VHFK som brente sin straffe. Osterøy var klar for finale.
 
Lørdag var det finaledag i stålande solskinn. Først var det kampen om tredjeplassen som skulle avgjerast, og kampen stod mellom VHFK 2 og Hausvik. VHFK starta med eit straffe som dei sette i sikkert mål til 1-0 leiing. VHFK skåra tre og Hausvik to i løpet av dei neste 90 minuttane, slik at resultatet vart 4-2 i VHFK sin favør. VHFK tok med dette tredjeplass, medan Hausvik enda på fjerdeplass.


Finalen gjekk mellom Fotlandsvåg og Osterøy. Fotlandsvåg starta med eit straffe, som Stian Rosnes ikkje hadde særskilde problem med å sette sikkert  i mål;  1-0 til Fotlandsvåg. Eit stykke ut i første omgang kom utlikninga. På eit innoverskrudd hjørnespark, frå ein god Jørgen Vevle, var Frode Stokke først på ballen og stanga den knallhardt i mål. Osterøy førte no kampen og skapte ein del sjansar. Rett før pause slo Stian Aasheim eit innlegg som gjekk gjennom heile feltet. Der dukka Ørjan "Stjerno" Bysheim opp og breisida ballen i mål. Osterøy gjekk med dette til pause med 2-1 leiing.


I andre omgong fortsette Osterøy og ha ballen mest. Det var difor ikkje ufortent når Frode Stokke på nytt heada ein corner rett i mål til 3-1. Etter dette hadde Fotlandsvåg to store sjansar til å redusera utan å lukkast. I staden var det Osterøy som punkterte kampen med si fjerde scoring. Denne gongen var det Bjarte Vik Larsen som elegant lobba ballen over keeper og i mål. 4-1 til Osterøy vart også sluttresultatet.

 

Osterøy tar dermed første napp i vandrepokalen som er satt opp for cupen, og hadde også finalens beste mann. Joachim Borge Solberg vann kåringa som vart gjort av ein publikumsjury beståande av representantar frå deltakande klubbar.

 
Me vonar at dette vert eit årleg arrangement for laga på Osterøy. Lokaloppgjer med litt temperatur er ein fin oppladning til spennande seriekampar!!