Fire fartsfylte frende-duellar i Fugledalen

Osterøy IL tek i mot naboklubbane til dyst førstkomande helg i Fugledalen.

Fredag og laurdag møtest Osterøy, Fotlandsvåg, Hausvik og eit forsterka VHFK 2 til kamp om Osterøy-Cup. Eit uoffisielt Osterøy-meisterskap. Vonleg vil dette bli ei årviss hending, og vandrepokalen er klar for å bli plukka opp av første vinnar, laurdag

-VHFK hadde noko på gong for nokre år sidan med Bergan Bygg Cup. Kvifor det randt ut i sanden veit me ikkje, men me prøver no å dra i gong eit nytt, uoffisielt Osterøy-meisterskap, seier primus motor Vidar Rosnes.

-Me hadde jo helst sett at VHFK hadde stilt med sine beste, men då dei allereie hadde sett opp treningskamp laurdag, har me full forståing for at dei sender 2-laget, fortset han.

Forrige søndag vart det avhalde trekning av kampoppsett i Osterøyhallen, med følgande resultat:

Fredag 23. mars
Kl. 18.00 – Kamp 1
: Fotlandsvåg – Hausvik (2×35 min)
Kl. 19.30 – Kamp 2: Osterøy – VHFK 2 (2×35 min)

Laurdag:
Kl. 14.00 – Bronsefinale:
Tapar, kamp 1 – Tapar, kamp 2 (2×45 min)
Kl. 16.00 – Finale: Vinnar, kamp 1 – Vinnar, kamp 2 (2×45 min)

– Det vert ikkje handicap-mål for å utlikna divisjonsforskjellar, men straffespark i staden. Elles må ein vera merksam på at innleiande kampar, fredag, blir spelt over 2 x 35 minuttar, fortel Rosnes.

-Me tek sikte på at pokalen vert delt ut på klubbkvelden som skal arrangerast på Osterøykroa laurdagskveld. Alle laga er invitert ned dit, for ein "bankett". Om VHFK2 vinn tar me utdelinga etter finalen er ferdigspela. VHFK har nemleg sjølv klubbkveld laurdag, så det spørs om dei prioriterer den, smiler Rosnes.

– Me kjem òg til å dele ut ein pris til "banens beste" i finalen. Ein jury beståande av ein representant frå kvar klubb får æra av å krangla seg fram til fasit på dette spørsmålet, sluttar han.

Me oppmodar alle som ein til å komma i Fugledalen i finvêret(?) til helga for eit knippa fartsfylte naboduellar.