Bli med å sikre aktiviteten i fotballgruppa

Fotballgruppa har større aktivitet enn nokon gong – både på gute og jentesida. No kan lokale verksemder vere med å sikre drift, aktivitesnivå og dermed også rekrutteringa for den største tryggleiksskaparen på Osterøy. (Arkivfoto, Laila Borge)

Sponsorarbeidet i fotballgruppa er no i gong for fullt. I tillegg til moglegheiten til å bli gruppa sin hovudsponsor, er det sett saman 5 forskjellige sponsorpakker for Osterøy-verksemder, og andre, å velge mellom.

– Dette er ein framifrå moglegheit for det lokale næringslivet til å vere med på å sikre drifta og oppretthalde aktivitetsnivået til den største gruppa i Osterøy IL, seier formann Eirik Bergan. -Nesten halvparten av idrettslaget sine 650 medlemmer er tilknytt fotballgruppa, så aktiviteten er høg.

Dette er noko sportsleg leiar, Stein Evensen, kan bekrefte. -Me har fleire aldersfastsette lag påmeld i seriespel enn på mange år, seier han. -I tillegg har me etablert eit B-lag på herresida og eit damelag. Idretten på landsbasis slit med stort fråfall i aldersgruppa 15-25 år, og me håper med tilbodet me no har fått til at me signaliserer at me vil gi desse eit breidare tilbod framover, fortset han. -Resultatet, på kort sikt, er i alle fall at aktivitesnivået i gruppa i år vert rekordhøgt, så alle midlar som kan sikre dette er velkomne, sluttar han.

-Sponsorpakkene me no går ut å tilbyr næringslivet på Osterøy er treårsavtalar, fortel leiar i sponsornemda Ronny Laastad. -Dei er også laga til slik at dei skal komme heile gruppa til gode, ikkje berre det laget som har sterkast ressursar i foreldregruppa. Rett og slett litt sosialdemokratisk, smiler han. -Me har som både Evensen og Bergan var inne på, mange medlemmer på mange lag. Me må syta for dei alle saman, sluttar Laastad.

Laastad har elles fått med seg Askild Solberg, Geir Mjelstad, Jørn Jacobsen og Ivar Solberg i sponsornemda. Me oppmodar difor alle lokale verksemder å ha pengesekken, om ikkje anna enn på gløtt, når dei vert kontakta av ein av desse trivelege karane.

Her kan du laste ned vår SPONSORFALDAR og lese meir om dei forskjellige sponsorpakkene.