Osterøy møter Kvernbit


Trenarduoen Jon Steinar Hatland (t.v) og Frode Vevle diskuterte seg torsdag fram til Osterøy si startoppstilling mot Kvernbit komande sundag

På søndag er det klart for årets andre treningskamp for a-laget. Denne gongen er det divisjonskollega Kvernbit som står på motsatt banehalvdel. Kampen har avspark kl. 1530 i Vestlandshallen

 

Kvernbit er eit lag me har møtt i serien fleire gongar dei siste sesongane. I fjor vann me begge oppgjera med klare siffer. Me lite om korleis laget deira ser ut denne sesongen, så det vert spennande å sjå korleis styrkeforholdet mellom laga er i år. Dette blir nok også det einaste møtet med Kvernbit denne sesongen, sidan me ikkje har komt i same pulje.


For Osterøy sin del ser det mykje lysare ut med mannskapet denne helga. Bjarte Vik Larsen, Jørgen Vevle, Eirik Øvsthus og Aleksander Solberg er alle tilbake i kamptroppen. I tillegg til skal Glenn Torgersen vera med. Glenn har trent med laget denne veka, og skal er med i troppen på søndag. Glenn er ein glimarande duellspelar med god fysikk, så det skal verta spennande å sjå han i aksjon. Dette betyr at kamptroppen på søndag inneheld 18 spelarar. Anders Hatland og Andreas Kollvangsnes er dei einaste som ikkje er med denne gongen.

Trenarane Frode Vevle og Jon Steinar Hatland gav oss startellevaren etter ein kort diskusjon på gårsdagens trening. Det vert gjort ein del endringar i forhold til laget som møtte Fotlandsvåg førre helg. Morten Vevle startar i mål denne kampen, medan Michael Vikne vert dytta ut som høgreback. I midtforsvaret får Kim Solberg med seg Eirik Øvsthus som er heime denne veka. Martin Dyvik får fornya tillit på venstreback.

Midtbana vert sterk. Sentralt skal det verta spennande og sjå Jørgen Vevle og Joachim Borge Solberg  i lag. Jørgen var ein av dei beste spelarane til Osterøy i fjor, medan Joachim gjorde sloid innsats mot FIL. Bjarte Vik Larsen, som var skada heile 2011 sesongen, er tilbake og startar i den offensive midtbanerolla. Saman utgjer dei ein midtbane-troika som kan skape problem for nokon og ein kvar.

På høgrekanten vert det spennande og sjå om Stian Svaasand kan følgja opp den gode kampen han spelte på laurdag. Løpsmaskina Stian Aasheim vert flytta ut på venstrekant. Det me såg av treninga torsdag tydar ikkje på at han er blitt noko meir målfarleg enn kva han var på laurdag. Fjorårets toppscorar Øyvind  Øvsthus spelar heilt på topp denne kampen også.

Dette betyr at det ikkje er funne plass til Ørjan ”Stjedno” Bysheim. Det vert sjølvsagt berre spekulasjonar, men det kan tyda på at han byrjar bli gammal. Trenarduoen gjekk likevel langt i å antyda at Ørjan får spele heile 2. omgang, noko som òg gjeld Mathias Riple og Richard Mjøs.

Me oppmodar flest mogeleg om å ta turen i Vestlandshallen for å følgja dette unge og spennande laget.  Me kjem tilbake med fyldig dekning frå kampen på mandag.

Osterøy sitt lag: Morten Vevle, Michael Vikne, Eirik Øvsthus, Kim Solberg, Martin Dyvik, Jørgen Vevle, Joachim Borge Solberg, Stian Svåsand, Bjarte Vik Larsen, Stian Aasheim og Øyvind Øvsthus.

Benken: Mathias Riple, Aleksander Solberg, Glenn Torgersen, Frode Stokke, Rikard Mjøs, Sander M Solberg og Ørjan "Stjedno" Bysheim.

.