Dei gode hjelparane


Daniel Fossbakken: Ung trenar med lang fartstid

Ung trenar med lang fartstid

Daniel Fossbakken (22), har saman med Ida Mjelde Hanstveit ansvaret for Fotlandsvåg/Osterøy Jenter 19.  Trass sin låge alder har Daniel opparbeidd seg ei lang fartstid som fotballtrenar i Osterøy. Han starta som trenar for eit gutelag då han var 14 år, og har halde da gåande sidan, med unntak av eit år med fyrstegongsteneste i luftforsvaret.

Ved slutten av fotballsesongen 2011 tok eg turen for å spørja korleis Daniel har opplevd denne sesongen.

Korleis er det å vera trenar for Jenter 19?

 – Det har vore ei utfordring, men det har vore ei kjekk utfordring for min del. 

Kva har årets høgdepunkt vore?

– At me fekk ein tur til Danmark på cup i haust var naturleg nok ein høydare for vår del. Samtidig var det utrulig kjekt då Marte Vevle scora mål og då Anna Borge Solberg scora på hovudet (!) på corner.

Som nemnt har du vore trenar for gutelag tidligare, merkar du forskjell på å trena jenter og gutar? 

 – Det er litt vanskelig å samanlikna det sidan det er ulike alderstrinn eg har vore trenar for. Generelt kan det virka som om gutane engasjerte seg litt meir i fotballen medan jentene fokuserer litt meir på skulen. 



Noko anna å legga til?  

 – Ja, eg meiner at det er viktig for Osterøy fotballen at ein klarar å forsetja med å ha eit Jenter 19 lag og på sikt få oppretta eit damelag. 

Tekst og foto: Joachim Borge Solberg