Amputert stall til første treningskamp

Laurdag spelar Osterøy sesongens første treningskamp. Kampen har avspark kl. 16, og det er Fotlandsvåg som ventar på motsatt banehalvleik. Det ligg med andre ord an til ein kamp med høg temperatur i Vestlandshallen i morgon.

 

Osterøy hadder 13 mann i aksjon på treninsgfeltet torsdag. Av desse er Andreas Kollvangsnes vekke på laurdag og kjem difor ikkje til å spela. Aleksander, Anders og Hans Petter er alle på skadelista, medan både Jørgen og Bjarte kjem til å bli matcha forsiktig så tidlig i oppkjøringa.  Resultatet av dette er at kamptroppen til laurdag berre tel 14 mann.

Trenar Frode offentliggjorde laget på treninga og den inneholdt eit par overraskingar. Laget startar i ein 4-2-3-1 formasjon; Mathias Riple i mål, ei forsvarsrekke med Frode Stokke på høgreback, Michael Vikne og Kim Solberg i midtforsvaret og Martin Dyvik på venstreback. Sentralt på midtbana ligg Joachim Borge Solberg og Stian Aasheim. Sander Midtun Solberg blir høgre- og Stian Svåsand blir venstrekant. Ørjan ”Stjedno” Bysheim får den offensive midtbanerolla, om han då ikkje skadar seg i volleyball på Mjøs’n fredag. Heilt på topp kjem fjorårets toppscorar, Øyvind Øvsthus, til å ligga.

 

På benken har me Morten Vevle, Jørgen Vevle og Richard Mjøs. Sistnemnde har trent med Osterøy i det siste, og skreiv så seint som i går under overgangspapira. Velkommen til oss, Richard.
 
Me ser fram til kampen, og ser ikkje vekk ifrå at det vert ein del folk på tribuna for å følgja kampen.


Me
kjem tilbake med fyldig rapport frå kampen søndag eller mandag.

 

Aktivitetar

02 mar
03 mar
24 mar
Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar