Oppkjøring etter planen

Det var god stemning i troppen på a-laget si trening i går kveld, og målsetjinga blandt dei fleste spelarane er klar; Me skal opp!

Oppkjøringa til a-laget er i gong for fullt. Laget har fellestrening to dagar i veka. Me besøkte treningsfeltet for å få ein stemningsrapport.

Osterøy sitt a-lag kom til ferdigbrøytt bane, torsdag. Sjefsbrøytar Eivind ”Janson” Solberg var akkurat ferdig med jobben til treninga starta. Saman med Svein Lohne utgjer han ”beredskapstroppen” som skal bekjempa snøen i vinter. Ei oppgåve me er takksame for at dei har tatt på seg.

 

Dermed låg alt til rette for ei skikkelig god treningsøkt for mellom anna to nykommarar; Michael Vikne og Joachim Borge Solberg. Michael kjem etter ein sesong i Hausvik.  -Eg har ei klar målsetjing om å spela meg inn i førsteellevaren, elles hadde eg ikkje kome opp her, seier Vikne, som forøvrig fekk lappen i dag.  Ifølge trenar Frode er Michael ein duellsterk forsvarsspelar som er aktuell i dei fleste posisjonane i forsvaret.

Den andre nykommaren, Joachim Borge Solberg, er endeleg komen heim att til Osterøy etter fleire sesongar i både Hovding og VHFK.  -Sentral midtbane er nok favorittposisjonen, men der er det mange om beinet. Eg er difor innstilt på å verta brukt i andre posisjonar og, seier Solberg. -Joachim vert ein solid forsterkning uansett kva posisjon me brukar han i, seier trenar Frode. -Så me er veldig nøgd med at han er her.


Nykommarane Michael Vikne (t.h) og Joacohim Borge Solberg forsterkar begge Osterøy sin a-lagstropp.
 

Begge nykommarane er klare på at laget må klara å kjempa i toppen i årets sesong. -Me skal rykkja opp, seier Solberg. I tillegg til desse to er også Frode Stokke klar for Osterøy igjen. Me ynskjer alle velkommen og lukke til i den gul/grønne drakta.
 
Fjorårets toppscorar og beste spelar, Øyvind Øvsthus er heller ikkje beskjeden: -Eg skal ha toppscorarprisen i år og, seier Øvsthus. -Det kjem ikkje til å skje, utbryt Bjarte Vik Larsen. Larsen er tilbake etter eit år med skade og blir ein solid forsterkning for dei gul/grønne. Me skal ikkje sjå vekk ifrå at desse to kjem til å finna kvarandre i angrepsrekka i årets sesong. Så vil tida visa kven av dei som når målet om å få toppscorarprisen. Her vil nok også Ørjan "Stjerno" Bysheim ha eit ord med i laget. Etter ein middels sesong med litt småskadar ser han veldig pigg ut til no i oppkjøringa. – Å få Bjarte og Ørjan tilbake i toppslag er som å få to nye spelarar, smiler trenar Frode.
 
Ein annen som er i godlune på treninga er Stian Aasheim. -Eg er ubesigra på trening til no, skryt Stian. I internkampane mellom dei gamle og dei unge har dei eldste gått sigrande ut til no. -Det fins jo ikkje mykje motstand i desse ungdommane" seier han og flirer hånleg.
 
Første treningskamp for året er 4.februar i Vestlandshallen. Då vert det lokaloppgjer mot Fotlandsvåg. Det betyr gjensyn med tidlegare Osterøy-spelarar som Thomas Strøm Langeland, Kristian Daltveit og Ole Morten Tysse. Me gler oss allereie. Avspark ei Vestlandshallen er kl.1600, og me håpar mange tar turen for å støtta laget i sin første treningskamp.


For dei lokale fotballelskarane er det også verdt å nevna at det vert arrangert  Osterøy-Cup, 23- 24 mars. I tillegg til Osterøy, kjem Hausvik, Fotlandsvåg og eit forsterka VHFK 2 til å stille til dyst i Fugledalen.