Positiv giv i fotballgruppa

Sesongen er ikkje meir enn akkurat ferdigspela, men planane for neste år er allereie godt i gong. -Det er mykje bra på gong i Osterøy no, seier sportsleg leiar i fotballgruppa Stein Evensen

-Den første gode nyheten er at me har betre grunnlag enn på lenge på juniornivå i klubben. Dette betyr at det vert juniorlag både på dame- og herresida neste år, seier Evensen. –Er ikkje heilt i mål på trenarsida her, men det går seg nok til.

 

-Kva med a-laget?

 

-Trenarkabalen her gjekk opp tidleg. Frode Vevle blir hovudtrenar og blir assistert av Jon Steinar Hatland og Vidar Rosnes. Dei to førstnemde har jobba mykje med dei yngste i gruppa  opp gjennom åra og kjenner denne gjengen godt. At Vidar Rosnes vert med vidare er òg ei fjør i hatten for oss. Han har gjort ein kjempejobb over ein lengre periode, og blir bra å ha med i teamet, fortset Evensen.

 

-Når det gjeld spelarstallen ser det bra ut. Me har fått gode signal frå dei aller fleste som var med i fjor. Det er viktig at me får så mange av desse som mogleg med vidare. Me kjem òg til å få Bjarte Vik Larsen tilbake etter langtidsskade. Han har lagt ned ei fantastisk treningsmeng i restitusjonsperioden og er godt spelesjuk. Det kjem nok til å gi oss eit løft, smiler sportssjefen.

 

-Nokre nye på veg inn?

 

-Mjaaaa. Evensen dreg litt på det. –Me har sendt brev på ei handfull spelarar, og er i dialog med dei no. Ingenting er 100% på plass enno, men me håpar på et par tre ny-signeringar, ja.

 

-Målsetjing for neste år?

 

-Det får nesten trenaren svara på, men eg har høyrt ordet ”opprykk” brukt i samtalar han har hatt – som eg har tjuvlytta på. MEN eg veit jo ikkje om det er Osterøy han har snakka om då….

 

Me høyrer ein del rykter om dagen. Mellom anna om eit B-lag. Noko i dette?

 

-Absolutt. På initiativ frå Vidar Fossdal, Vidar Rosnes og ein del spelarar har dei vore i trening i eit par månader allereie. Det lovar såpass bra at me kjem til å melda på eit B-lag neste år. Her kan både juniorar og dei som ligg i a-lagsskorpa og vakar få eit kamptilbod på seniornivå. Det er gode greie for Osterøy IL.

 

…og damelag?

 

-Det stemmer. Siri Beate Nordpoll Hella (prøv å sei det fort 30 gongar) henvendte seg til meg tidlegare i haust og lurte på om dette var noko for Osterøy IL. Me er absolutt for auka aktivitet i klubben – spesielt på damesida – så dette var me sjølvsagt positive til. Siri har tromma saman ei god gruppe og starta treningane allereie. Det ser ut som at det vert eit samarbeidslag saman med Fotlandsvåg, men lag vil bli påmeldt her òg, sluttar Evensen

 

Det ligg med andre ord an til eit travelt år på Hatland neste sesong. Me gleder oss.

 

Aktivitetar