Fekk signert Osterøy-drakt

Ingeborg Strand frå Stord har vore Osterøy-supporter heile livet og kunne laurdag endeleg aksla den gule og grøne trøya for første gong.(Foto: Privat)

På julebordet laurdag 26. november fekk Ingeborg Strand frå Stord utdelt ei signert Osterøy-drakt av sine kollegaer i Montørklubben El&IT, Kværner Stord. –Eg har vore Osterøy-supportar heile livet, seier Ingeborg.

For ikkje lenge sidan fekk Osterøy IL ei henvending frå klubbleiar ved Kværner Stord, Sigurd Sævereid. Spørsmålet me fekk var om me kunne hjelpa han med å skaffa ei Osterøy-drakt til ein av sine gode kollegaer i Montærklubben El&IT, som hadde ”vore Osterøy-supportar heile livet”.

 

-Det var ei litt uvanleg henvending, så eg lurte først på om det kunne vera spøk, seier lagleiar for Osterøy IL sitt a-lag John Erik Jørgensen. -Men etter å ha snakka med Sigurd Sævereid på telefonen bestemte me oss for å etterkomma ønsket.

 

Historia bak det noko uvanlege ønskje er i følgje klubbleiaren frå Stord følgande: -Leiinga i Montørklubben El&It satt rundt møtebordet då me vart obs på at ALLE rundt bordet hadde fotballdrakter på – bortsett frå Ingeborg. Det kunne me jo ikkje ha noko av. Då spurte eg Ingeborg kva dette skulle bety? ”Kva er eigentleg laget ditt?! Og kvifor har du ikkje drakta deira på deg?” Då ho svara at ho hadde vore Osterøy-supportar heile livet, men at ho ikkje hadde lukkast å få tak i drakt bestemte eg meg for å gjere noko med det. Resten, som dei seier, er historie.

 

-Me synes jo det er ei artig sak, seier Jørgensen, og me mistenker vel at det ligg litt "lått og løye" bak dette stuntet. Men det får me tåla.

– Og er du Osterøy-supportar så må du jo ha den fantastisk flotte hua og det minst like flotte skjerfet vårt òg, så det inkluderte me likegodt i forsendinga sørover. For kven kler ikkje grønt og gult? sluttar Jørgensen

Aktivitetar

18 feb
Valestrandsmarka Rundt
Furubakken idrettsplass
23 feb