Storsiger til juniorjentene over puljevinnaren i siste seriekamp!

Jentene vann heile 6-0 i eit ausande regnver!

Tirsdag 1. november spelte juniordamene sesongens siste kamp.
Resultatmessig har det vore ein middels sesong, der mange kampar i vårsesongen enda uavgjort.
I haust har det vorte nokre seire, uavgjorter og tap. Til slutt gjenstod topplaget
Selbjørn/Austevoll.Hittil i haust har dei vunne alle sine kampar.
Osterøy/ Fotlandsvåg opna kampen best og sette fort press på Selbjørn sitt forsvar.
Etter ei stund fann Irene Bernes nettmaskene og 1-0 til Osterøy/ Fotlandsvåg. Like etter kom 2-0, målscorer Marielle Kallekleiv. Som alltid spelte Marielle ein kjempekamp på midtbana. Jentene fortsette å jobba hardt, noko som resulterte i fleire fine angrep.

På slutten av 1. omgong hadde vår gode keeper Adelin H. Hjellvik eit langt utspark som endå hjå spissen Irene. Ho kjempa ballen med seg og chippa nydelig over ein utspelt Selbjørnkeeper. 3-0 til pause! I andre omgong fortsette jentene det fine spelet og Irene var god på topp i dag, ho scora igjen. Deretter pressa me godt på corner og Selbjørn scora sjølvmål. Forsvaret vårt spelte veldig bra saman og heldt nullen. Rett før slutt vart kampen avslutta med ein nydelig slått corner som Anna Helle sette kontant i mål. Eit flott mål som sette eit verdig punktum for ein vel gjennomført kamp, 6-0 til Osterøy/Fotlandsvåg 🙂

Det har vore ein kjekk sesong saman med juniorjentene. Det har vore mykje fint spel, og når jentene gjer alt og jobbar for kvarandre er me gode!
I år har me også hatt eit godt samarbeid med j16 laget, og jentene der har gjort ein strålande innsats på juniorlaget.
I oktober reiste me saman til Danmark på cup. Det var ein veldig flott tur med supre jenter. Me gler oss allereie til neste sesong 🙂

Aktivitetar

Open trening TURN
Osterøyhallen
07 mai
14 jun