Jenter 10 i Osterøyserien

Søndag 18. september spelte Jenter 10 kampar i Osterøyserien på Haus si nye kunstgrasbane.


Ikkje lett å komma forbi Agathe.

Jentene speler til vanlig ilag med Jenter 11 mot andre jenter 11, men  i Osterøyserien skulle dei få spela mot jamaldringar og yngre. Var heldige å få låna Nadja og Dortea frå jenter 11.

Første kampen var mot Haus 10/11 og her var det full innsatsvilje frå første "touch" på ballen. Var ein fryd å stå på sidelinja og sjå kor jentene spelte ilag og kor kjekt dei sjølv syntest dette var.
Kampen enda med eit rettferdig 3-3 resultat.

I andre kampen møtte Osterøy Haus sine jenter 9-10, her vart det siger med 0-2 til våre jenter.

Veldig kjekke kampar å følgja frå sidelinja og me gler oss allerede til neste Osterøyserie 2. oktober.


Martine hadde fleire flotte mål.


Nadia som vanlig solid i mål.


Margarita ryddar opp i forsvar.


Mål ved Nora
.