Jenter 10/11 i gong med haustkampane.
Torsdag 8. september inviterte Jenter 10/11 Øystese sitt jentelag til ein flott fotballkamp.
Osterøy sine jenter opna bra og med høgt tempo, dei produserte målsjanse på målsjanse, men lærkula ville berre ikkje inn i nota.
Gjestane var heldigare med sine sjansar og kunne gå til pause med 0-1 leiing, ikkje heilt fortent etter antal målsjansar.
I 2. omgong heldt Osterøyjentene fram med presset, men utteljinga let vente på seg, men endelig, etter at Øystese hadde gått opp i 0-4 leiing, så kom kampens flottaste mål, plassert heilt i vinkelen!
Kampen enda 1-4, men sifra kunne like godt vore snudd andre veien. God innsats av samtlige Osterøyjenter! No viser dei at dei begynner å spela ilag og me gler oss til resten av sesongen!
Kristine fullt konsentert om innkastet.
Julie i fint driv.
Ei konsentrert Dortea i forsvar.
Ein av dei mange målsjansane våre.
Fullt fokus om å rydda opp i forsvar.
Og endelig kom målet vårt! Kampens flottaste!