Vinnarar av Eidfjord cup
Fotlandsvåg/Osterøy sine småjenter gjekk heilt til topps i Eidfjord cup.
Jenter 13/14 år kom heimatt frå Eidfjordcupen med pokal etter å gått heile vegen til finalen i sin klasse. Dei vann pulja si suverent. Dei møtte Ulvik, Torpo og Nest-Sotra. Dei skorte 9 og slapp inn 2 mål.
I semifinalen slo dei Harding 4-2 i corner etter 0-0 til full tid. I finalen møtte dei Dale. Jentene var konsentrert og fokusert før kamp. Dette var ein kamp dei ville vinne. Alle kjempa godt gjennom heile kampen, sjølv om det var nokre trøtte bein etter ei heil helg med kampar. Jentene gjekk tidleg opp i ein 1-0 ledelse .Det gav jentene blod på tann og dei hadde fleire store sjansar utover i kampen. Men ballen ville ikkje mellom stengene fleire gonger i denne kampen og våre jenter kunne til slutt jubla for finaleseier. Målscoraren var Siri Hauge.
Fotlandsvåg /Osterøy hadde også to andre jente lag med i Eidfjordcup som gjorde sine saker bra.
Det andre jenter 13/14 års laget spelte to uavgjort og hadde to tap.
Jenter 12 hadde ein seier og tre tap.