Endeleg siger for jenter 10/11!

Torsdag 26. mai kom endeleg sigeren som me har venta så lenge på!

Fornøgde jenter.

Kampen gjekk på grusbana i Samnanger mot Samnanger. Jentene var veldig spente før kampen og dei opna som vanlig veldig bra.

Me skapte nokon gode sjansar, men skudda gjekk like utafor målet til Samnanger. Etter noko klabb og babb, laga me eit sjølvmål og dermed var Samnanger i leiinga.

Jentene tok seg saman sjølv om dei fekk eit mål i mot seg, og skapte fleire gode halvsjanser.
Midt i omgongen sette me innpå nye, friske krefter og då gjekk det ikkje lenge før det vart mål, denne gongen ved Malin.

Me fortsette å ha initiativet i kampen og det gjekk ikkje lenge før Malin var frampå igjen og laga nok eit flott mål. Dermed hadde me snudd kampen i vår favør.

Like før pause smelte Nathalie til med eit langskudd frå midtbana og rett i målet!! No var me oppe i 1-3 leiing!

Trenarane Ivar og Helge var godt fornøgde med innsatsen til pause.

I 2. omgang opna jentene litt svakare enn forventa og Samnanger fekk eit lite overtak, men me jobba oss gradvis innigjen i kampen og midt i omgongen fekk me nok eit mål, ein susar frå Malin, og dermed vart sluttresultatet 1-4!

Kjempegod innsats av alle spelarane!