Siger på ein dårleg dag

Poenga var stort sett det einaste som varma på Hatland  i går då Osterøy tok i mot Apollo til dyst i 5. divisjon avdeling 1. Etter to skåringar i første omgang, og ein i det siste speleminuttet enda kampen med 3-1 siger.

– Eg veit ikkje heilt kva eg skal seie. Me startar bra og får to mål relativt tidleg. Etter dette er me rett og slett ikkje noko gode, oppsummerer Vidar Rosnes etter kampen. -Me bør avgjere denne kampen etter  halvtimen av første omgang, men straks me har gått i leiing begynner me å slurva med oppgåvene våre. Det er rom for store forbetringar, men eg er nøgd med at me vinn kampen, sluttar han.

Lagoppstillinga til Osterøy vart ikkje klar før minuttar før avspark. Ørjan Bysheim er sett ut av spel med strekk og spelarar som Kristian Daltveit, Thomas Strøm  Langeland, Andreas Kollvangsnes, Stian Svåsand og Roger Husebø hadde alle problem av varierande årsaker. Av desse var det berre Krisian Daltveit som vart klar til kamp. Dette opna for unge Sander Midtun Solberg sin a-lagsdebut i obligatorisk kamp, noko han kom greitt i frå.

Kampen starta med Osterøy dominans reint spelemessig. Fine kombinasjonar og tåleg bra pasningsspel. Kampen var berre ca 10 minuttar gammal når Ole Morten Tysse får fryktelig god plass like innanfor gjestane sin seksten meter. I følge han sjøl tar han ei nydeleg vending, før han set ballen kontrollert forbi Apollo sin sisteskanse. Osterøy-spissen skårar dermed sitt andre mål for sesongen.

Berre fem minuttar seinare er det på ny klar for gul/grøn jubel. Martin Dyvik, som fekk tillit frå start denne gong, drar av eit par mann på hjørnet av sekstenmeteren før han hamrar ballen i motsatt hjørne. Ein kjempeskåring av kantspelaren.

Etter dette gjevnar det heile seg ut. Osterøy prøver å spela ball, men er unøyaktige i avleveringane sine, og skapar ein del halvsjangsar for gjestane. Etter havtimen spelt brenn Stian Aasheim og Sander M. Solberg kvar sin kjempesjangse. Med 4-0 her hadde kampen vore køyrd. Laga går til pause på stillinga 2-0.

Andre omgang er eit einaste langt gjesp.Osterøy presterer langt under pari og slepp Apollo stadig meir innpå seg. Etter knappe kvarteret resulterer dette i redusering. Osterøy må skjerpa seg om alle poenga skal bli att på Hatland, men klarar eigentleg ikkje å ta grep om kampen. Apollo får løyst ein del skot frå distanse, og kunne gjerne ha utlikna med litt meir flaks og dugleik.

I kampens siste speleminutt får Osterøy corner frå høgre. Jørgen Vevle sender ballen inn på første stolpe. Der blir han møtt av Øyvind Øvsthus som då set spikeren i Apollo-kista. 3-1 vert òg sluttresultatet. 

12. mai. 2011
5. divisjon avd.1

Osterøy – Apollo 3-1 (2-0)
1-0: Ole Morten Tysse (10. min)
2-0: Martin Dyvik (15.min)
2-1:
3-1: Øyvind Øvsthus (89. min)

Osterøy sitt lag: Mathias Riple, Anders Hatland, Kim Solberg, Frode Stokke (Vidar Fossdal), Stian Aasheim, Jørgen Vevle, Kristian Daltveit, Øyvind Øvsthus, Martin Dyvik (Kenneth Grimstad), Ole Morten Tysse, Sander Midtun Solberg

Aktivitetar

02 mar
03 mar
24 mar
Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar