Sesongens første 3-poengar


På skåringslista:
Ørjan Bysheim skåra eitt av Osterøy sine tre mål mot Trane, lørdag.

Forrige helg sikra Osterøy seg sin første tre-poengar etter 3-1 siger mot Trane. Som i sesongens to første kampar sleit Osterøy med presisjonen, noko som gjorde at Trane kom til fleire farlege sjangsar. I morgon møter Osterøy topplaget NHH. Då vil det ikkje vere rom for like mange feil.

– NHH har spelt 5 kampar, og vunne dei alle. Me har heile tida sett på dei som ein av dei største gruppefavorittane, og så langt har dei innfridd. Kampen i morgon vil gi oss ein god peikepinn på kor gode me eigentleg er sjølv, seier trenar Vidar Rosnes.

– Me har mykje å gå på i forhold til det me har fått vist fram i starten av denne sesongen, fortset han. – Eg trur me kan få ut dette i morgon. Me har ein tendens til å heva oss mot sterk motstand dei siste åra. Vonleg fortset me trenden i morgon.

– Når det gjeld sigeren mot Trane forrige helg, var det ein rotete kamp der me har ballen mykje og Trane er giftige på kontringar. Me er svært upresise, noko ei tørr bane kombinert med ein ubrukelig kampball, må ta noko av skylda for, fortel Rosnes.

– Dei fleste av Trane sine sjansar kom etter horrible pasningsfeil frå oss. Sjølv skapte me ein del sjansar til å scora endå fleire mål, men me var ikkje giftige nok. Mathias hadde fleire viktige redningar, og får difor bestemannsprisen. Det viktigaste i denne kampen var å få med seg 3 poeng og det klara me, sluttar Rosnes.

30. april 2011
Krohnsminde

Trane – Osterøy 1-3

0-1: Robert Dyvik
0-2: Ørjan Bysheim
0-3: Thomas Strøm Langeland
1-3:

Laget:
Mathias Riple, Anders Hatland, Andreas Kollvangsnes, Kim Solberg (k), Stian Aasheim, Kristian Daltveit, Jørgen Vevle, Robert Dyvik (Roger Husebø 75. min), Øyvind Øvsthus (Ole Morten Tysse 60 min (Stian Svåsand 75 min)), Ørjan Bysheim ( Martin Dyvik 70 min), Thomas Strøm Langeland.