Osterøy skjerf og huer på veg

Frå midten av juni vil det verta mogleg for medlemmer i OIL og andre inteteresserte å visa alle kor dei høyrer heime. Då er nemleg nye huer og skjerf tilgjengeleg for sal, m.a i kioskane ved Osterøy Stadion

Det vert ikkje tatt inn så mange i første omgang. Det er meir meint som ein prøve for å lodda stemninga i og kring klubben for slike effektar.

Prisen vil ligge på rundt 100-lappen for skjerf og det samme for huene.

Både skjerf og huer har brodert OIL-logo.

Ein legg som nevnt opp til sal av effektane i kioskane ved Osterøy Stadion, men interesse for produkta (og eventuell bestilling) kan gjerne òg meldast på e-post til John Erik Jørgensen.