Knepent tap i naboduell

I går braka Osterøy saman med VHFK i ein intern "treningskamp" over 3 x 25 minutt. Kampen enda med ein knepen 2-1 siger til VHFK.

Osterøy var det førande laget i den første omgangen. Dei gul/grøne hadde mykje av banespelet, men makta ikkje skapa sjangsar mot dei zebra-stripete frå Valestrand.  Andre omgang vann VHFK 1-0 etter ein litt enkel scoring. Valingane var hakket vassare i denne omgangen, men Osterøy hang godt med i denne omgangen òg.

Tredje – og siste – omgang enda 1-1 etter at Thomas Langeland putta for Osterøy. Også denne omgangen var ganske gjevnspelt. Osterøy fekk eit mål annulert etter ei tvilsom offside-avgjerd, medan VHFK nok vart snytt for eit straffespark.
 
– Det var mykje positivt å ta med seg frå denne kvelden, kommenterte trenar Rosnes etter kampen. – Me snakka før kampen om at me måtte tørra å spela ball sjølv om motstanden er to divisjonar over oss. Dette lukkast me bra, fortset han.
– Ballen gjekk hurtig og presist og hadde mange gode kombinasjonar. Me kom òg til mange innlegg, men var ikkje nok på hugget framfor kassen.

Det var mange som spelte godt denne kvelden. Bjarte Vik Larsne var enorm i første omgang, og spelte elles på eit  bra nivå resten resten av kampen òg.  – Elles vil eg dra fram det nykomponerte stopparparet, smiler Rosnes. – Kim Solberg og Frode Stokke gjorde ein meget solid kamp sentralt der bak.
 
– No ser me fram til ein spanande sesong med eit ungt og talentfullt mannskap. Neste treningskamp er allereie på lørdag mot Fotlandsvåg, sluttar Rosnes.
 
Osterøy:
Morten Vevle, Anders Hatland, Frode Stokke, Kim Solberg, Stian Aasheim, Kristian Daltveit, Jørgen Vevle, Robert Dyvik, Bjarte Vik Larsen, Martin Dyvik og Ole Morten Tysse.

Innbyttarar: Thomas Langeland, Hans Petter Vevletveit, Sander Midthun Solberg .
 
Mangla: Andreas Kollvangsnes, Roger, Kenneth Grimstad, Vidar Fossdal, Mathias Riple, Øyvind Øvsthus, Frode Evensen og Ørjan Bysheim.