Ungdommar til topps i Ribbecupen


Torbjørn Hovden, Bjarte Vik Larsen, Jørgen Vevle og resten av  Alder 16,3 var best på det meste i finalen mot Klysna Martin Hole Hanstvedt og Ole Morten Tysse

Alder 16,3 gjekk heilt til topps i den aktive klassen i årets utgåve av Mjelstad og Stokke Ribbecup etter ein overtydane 6-3 siger over FC Klysna i finalen. I mosjonsklassen var det Frank og kompisane som etterkvart trakk det lengste strået etter 2-1 siger over Useless.

Etter innleiande rundar mandag og tysdag var det klart for semifinalar og finalar onsdag. For utan Frank og kompisane og Useless var Kjetils Maskineri og Ballatrimmarane vidare til semifinalar i mosjonsklassen.


Bjarte Lone gir Kjetil Maskineri leiinag i den første semifinalen i mosjonsklassen. Keeper Frank Hansen er for sein, men laget hans snur kampen og vinn til slutt også turneringa.

I den første semifinalen møttes Frank og kompisane og Kjetils maskineri. Sistnemde lag med solid forankring i friidrettsmiljøet på Osterøy. Bjarte Lone ga først Kjetils Maskineri leiinga, men Frank og kompisane svara og vann til slutt 2-1. I den andre semifinalen møttes Useless og Ballatrimmarane frå Fotlandsvåg. Useless hadde stort sett kontroll kampen igjennom, og vann til slutt 4-2.

Finalen mellom Useless og Frank og kompisane enda med 2-1 siger til sistnemde.

I den aktive klassen, der det kanskje var ein smule meir prestisje involvert, var det FC Klysna, Ibsas disipler, Plankekjøring og Alder 16,3 som skulle kjempa om dei eksklusive Ribbecup t-skjortene og fisk frå Fossen.

FC Klysna med Martin Hole Hanstvedt i spissen møtte Arna-Bjørnar juniorane i Ibsas disipler i første semifinale. Kampen var lenge jevn, men då Klysna endeleg klarte å skåra det første målet kom det kjapt to til. Det enda med komfortabel 3-0 siger til FC Klysna.

I den andre semifinalen var det Kristoffer Bognøy sitt lag Plankekjøring som skulle bryna seg mot Torbjørn Hovden sine unge kumpanar i Alder 16,3. Også denne kampen var jevn, men ungdommane viste at dei var gode balltraktørar og gjekk noko overraskande opp i leiing. Då Bognøy like etter vart vist det gule kortet etter ei sklitakling – og dermed måtte sjå resten av kampen frå benken – festa Alder 16,3 grepet og vann til slutt 3-1. Rayner Nygård skåra Plankekjøring sitt trøstemål.

Dermed var det duka for finale mellom FC Klysna og Alder 16,3 i finalen. Laga møttes og i innleiiande runde tysdag. Då vann Klysna komfortabelt 5-2, noko som resulterte i eit ørlite favorittstempel. Torbjørn Hovden og gjengen ville det annleis og trilla til tider ball i hatt med Klysna.


Mathias Riple sklitaklar Martin Hole Hanstvedt og må forlate bana. Alder 16,3 vinn likevel komfortabelt 6-3.

Paradoksalt nok var det først etter at keeper Mathias Riple vart utvist ting begynte å gå på skinner for ungfolane. Torbjørn Hovden putta 3, Jørgen Vevle skåra på straffe og bursdagsbarnet Bjarte Vik Larsen lirka inn eit mål frå død vinkel. Dermed leia Alder 16.3 5-1 på det "verste". To trøstemål ved Eirik Øvsthus gjorde at Klysna nesten kom frå det med æra i behold; 6-3 vart sluttresultatet i ein fartsfylt finale.

.

Aktivitetar

4. div: Osterøy IL – Austevoll
Osterøy Stadion Kunstgras
09 jan
Osterøytrear 25.4.2024
Osterøy Stadion
28 feb
24 mar
Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar