Norway Cup
Osterøy sine jenter 98 har fått eit minne for livet denne veka i Oslo. Dei gjekk gjennom verdas største fotballturnering utan tap.
Det var nokre spente jenter som kom til Oslo og vart innlosjert på Holtet vidaregåande skule. Endeleg var dagen komme som dei hadde gleda seg til i fleire månader. Madrasser og dyner vart rigga til i klasserommet og 8 spente jenter måtte prøva å komma til ro, for kl. 9 neste morgon var det klart for deira første kamp i Norway cup.
Her er det klart for den aller første kampen. Om jentene var spente og fått litt lite søvn var det ingen som kunne sjå det. Dei spelte flott fotball og kunne gå av bana med ein solid 6-1 seier. Dette var gøy både for spelarame og foreldra som var med. Jentene spelte to kampar til denne dagen og dei enda med ein seier og ein uavgjort.I løpet av veka spelte jentene 7 kampar og det enda med 4 seirar og 3 uavgjort. Det var båder spelarane og trenarane veldig fornøgde med.
Vilde lar seg ikkje lura av 3 motspelarar.
Full innsats.
Glade jenter etter sin første seier i Norway cup.
Ivrige foreldre diskuterer taktikk.
Marie i fint driv.
Asle gjer jentene instruksar i pausen.
Kaptein på kvart lag bytter vimplar.
Godt med ein pust i bakken før oppladning til neste kamp.
Her har alle jentene fått seg drikkeflaske frå XL1. Og det var ingen problem å få jentene til å smile til fotografen.
Før avreise hadde alle kjøpt seg like gensarar.
Støtteapparatet fungerte fint både med eigne masørar og eigen frisør.
Her er det middag som vert servert inne i Ekeberghallen.
Sjølv om det meste dreide seg om fotball vart det også litt tid til shopping og til å vere turist.
Her er dei publikum på kjendiskamp.
Det var godt å slappe litt av på skulen også..
Her har dei fått sine velfortjente premiar.