Osterøyserie i Haus


Osterøy sine jenter og gutar i 2003 klassen gjorde reint bord og vann tre av tre kampar i Haus.

Laget har gjort flott framgong på desse tre rundane med Osterøyserie. I dag var alle flinke til å jobba og hjelpa kvarandre. Dagen starta med kamp mot Valestrand Hjellvik. Våre spelarar kjempa godt og gjekk til slutt av bana med 2-0 seier. Så var det ein pause før Hausvik 2 var på motsatt banehalvdel. Innsatsen var fortsatt på topp. Osterøy sine spelarar sprang og sprang og kunne også i denne kampen gå av bane med seier.  Til slutt var det Hausvik 1 som var motstandarar. Dette er eit lag me har tapt mot dei andre gongane me har spelt mot dei, og trua på seier var ikkje heilt på topp verken frå spelarar eller trenar. Men det gjekk ikkje lenge før me såg at i dag var det mulig å laga mål også på dei. Då kampen vart avblåst for full tid stod Osterøy med nok ein seier. Flott innsats av samtlege spelarar.