Seier i årets første seriekamp

Jenter 13 starta serien sin med 3-1 seier over Ørnar. Kampen vart spelt på Hatland i eit flott vår ver og det var mykje folk som var møtt opp for å heia på jenten.

Jentene viste full innsats frå start av og leda 2-0 til pause. Dei viste mykje fint spel og flott innsats. Ørnar reduserte til 2-1 tidleg i 2. omgong. Men våre jenter sto på og gjekk etter kvart opp til 3-1, og denne ledelsen gav dei ikkje frå seg. Både foreldre og trenarar er stolte av innsatsen og viljen jentene viser ut på bana.