Stor suksess for 2001 jentene i Åsane Cup!


Fornøgde jenter, bak f.v. Synne Riple Heradstveit, Nora Borge Solberg, Madelen Balestrand og Margarita Solberg. Framme f.v. Maren Tufta, Martine Kollvangsnes og Tiril Rongved.

Søndag 11. april var det nokon spente jenter som var klare for årets første cup. Sidan jentene til vanleg trenar og spelar ilag med gutane, er det ekstra stas å få spela reine jentekampar. Grunna litt redusert mannskap var me heldige og fekk låna 2 spelarar frå Valestrand Hjellvik; Synne Riple Heradstveit og Maren Tufta, ei solid forsterkning til laget.

 

I første kampen møtte me Åsane Løvinner og med full innsats av samtlige Osterøy-jenter, starta måla raskt å renna inn bak Åsane-keeperen. Inspirert av medgongen var jentene skikkeleg ”på hugget” gjennom heile kampen og den enda til slutt med 9-1 siger!

 

Motstandar i andre kampen var Selbjørn frå Austevoll. Her såg det ut som jentene hadde tatt seg ein liten pause og Selbjørn var dei første til å laga mål. Ein litt daff gjeng innsåg etter kvart at det måtte gjerast ein innsats for ikkje å gå av bana med tap, og me fekk ei redusering, slik at kampen til slutt enda 1-1.

 

I tredje og siste kampen mot Flaktveit var ”spiriten” på plass igjen, jentene stod i kø for å laga mål og samtlege kjempa som løvinner, noko som gav ein flott 8-2 siger.

 

Ein flott innsats og gode resultat som gav mykje sjølvtillit til våre jenter for resten av sesongen.


Trenar Lillian gjev dei siste instruksane før kampstart.


Nora og Martine meget fornøgde med siger.


Kjempeinnsats av Madelen.


Tiril, som vanlig, suveren i mål.


Full konsentrasjon av Synne.


Maren og Synne gjorde ein flott innsats i Osterøy drakter!


Ein fornøgd gjeng etter premieutdeling.