Uavgjort mot Flaktveit

MÅLGJEVANDE: Thomas Langeland (her i aksjon mot VHFK i fjor) spelte berre første omgang mot Flaktveit. Mål vart det ikkje på hurtigtoget, men han noterte seg for ein "assist" etter å ha frispelt Martin Dyvik på utsøkt vis etter drøye 20 minuttar av kampen.

Osterøy spelte laurdag treningskamp mot Flaktveit i Vestlandshallen. Trass ein litt rufsete start på førsteomgang og sterkt varierande spel i andre omgang, måtte det ein gavmild dommar til for å fråta dei gul/grøne siger mot 4. divisjonslaget.

Kampen byrja nemleg ikkje på beste vis for Osterøy. Oppkava, nervøst spel resulterte i mykje unøyaktighet dei første 15 minuttane. Etterkvart roa laget seg og spelet vart merkbart betre den neste halvtimen. Dette resultert i to skåringar av høvesvis Martin Dyvik (26. min) og Eirik Øvsthus (27. min). Osterøy gjekk dermed til pause med 0-2 leiing.

Etter to minuttar i 2. omgang vart det dømd ein straffe som få i Osterøy-leiren skjøna noko av. Flaktveit reduserte til 1-2 og var dermed inne i kampen att. Flaktveit styrte resten av omgangen, men sleit med å konvertere sjangsar i teljande resultat. Utlikning vart det likevel – på ei perle – etter vel 65. minuttar.

Flaktveit – Osterøy 2-2 (0-2)

0-1 – 26. min: Martin Dyvik
0-2 – 27. min: Eirik Øvsthus
1-2 – 47. min:
2-2 – 65. min: –

Nr Spelar Mål (min) Gult Rødt Bytte
1 Matias Riple        
2 Roger Husebø        
3 Ole Andre Reigstad        
4 Kenneth S. Grimstad        
5 Ole Morten Tysse        
6 Eirik Øvsthus 27"      
7 Kristian Daltveit        
8 Espen Mjøs        
9 Martin Dyvik 26"      
10 Thomas S. Langeland        
11 Bjarte Vik Larsen        
Innbyttarar        
12 Frode Stokke       Inn for E Mjøs
13 Steffen Gjøstein       Inn for R. Husebø
14 Frode Evensen       Inn for K. Daltveit
15 Trygve Bru Reigstad       Inn for T. Langeland
16 Anders Hatland       Inn for O.A Reigstad
17          
18          

Aktivitetar

02 mar
03 mar
24 mar
Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar