God innsats av jenter 13 på Åsane cup
Det var mange spente jenter som skulle spela sin første 11-ar kamp. Bana var stor og offside var noko skummelt som dei berre hadde høyrt om før.
Jentene gjorde ein flott figur og vann første kamp 8-0 mot Lindås. Dette gav meirsmak og dei gledde seg til neste kamp. Der vart det tap 4-1 for Arna Bjørnar, men jentene var klare for 1/4 finale. Der møtte dei Flaktveit og våre jenter vann 2-0. I semifinalen møtte dei Åsane 2. Det var ein spennande kamp. Stillinga var 0-0 til pause, men i 2. omgong scora Åsane to gonger og var dermed klare for finalen. Det var ingen sure miner hjå våre jenter av den grunn. Dei hadde hatt det kjekt, og fekk sjå at det kan verte mange jevne og spennande kampar gjennom sesongen.