Avslutning for aldersbestemte.

Osterøyhallen fredag 30. oktober.


Alle dei yngste spelarane klare for premieutdeling.

Denne kvelden var det duka for skikkelig fotballstemning for alle dei aldersbestemte spelarane til Osterøy. Dei første kampane starta med dei yngste kl 17.30 og dei eldste avslutta ca. 22.

Her var stor stemning og mykje fotballglede for både store og små. Tribuna var fylt opp med foreldre, søsken og andre som ville heia på dei håpefulle.

Eit lite bildeutval av små og store følgjer:


Jenter 2001 i aksjon mot 2002 årgangen.


Viktig med ein god heiagjeng på sidelinja!


Gutane i 2001-årsklassen spelte mot kvarandre.


Stor stas med pokal, her er det Martine Solberg som mottar sin, 2001 årgangen fekk også utdelt minimerket.


Ein fornøgd 2001 gjeng med sine dyktige trenarar; Lillian Gjerstad Skjerping og Johnny Solberg.


Vetle studerer pokalen sin.


Var flott dette her minimerket, synest Tiril.


Ein glad gjeng frå 2000 årsklassen med sine gode trenarar; Mats Elvik og Tore Birkelid.


Flotte representantar frå 2002 spelarane, deira dyktige trenarar er Arne Johan Larsen og Stig Eknes.


Frå 1999 sin kamp, dei måtte spela mot kvarandra då laget dei skulle spela mot ikkje dukka opp.


1999 spelarane; Ein glad gjeng ilag med trener Gisle Låstad, Eirik Bergan er også trenar for dette laget.


Ein meget fornøgd gjeng frå 1997 årgangen. Trenar her er Jo Solberg.


Var også treking av Fotballotteriet denne kvelden, her er kveldens overraska vinnar av hovudpremien, bærbar pc; Renate Vevle.


Sekretariatet gjorde ein flott innsats heile kvelden; Eirik Bergan, Stein Erik Kollvangsnes og Stein Evensen.


Etter premieutdelinga til dei yngste, var det dei eldre årgangane sin tur, her Stine Agnete Solberg i kamp for Jenter 16 mot Gutar 13.


Trenarane Terje Lone og Odd Idar Mjøs med gjengen sin; Gutar 13.


Jenter 16 med sin trenar Ida Hanstveit.


Og til slutt Gutar 1 og 2, trenarar for dei er; Frode Vevle, Jon Steinar Hatland, Tore Langeland, Roger Langeland og Askil Solberg.


Ei fornøgd Marte Vevle får sin pokal frå Stein Evensen.


Det vart også delt ut premiar til Årets mest framgangsrike og Årets spelar i dei eldste årsklassane. For jenter 16 vart Stine Lone Hatland (biletet) Årets spelar, Årets mest framgangsrike vart Adelin Hanstveit Hjellvik, ho var diverre sjuk denne kvelden.

Trenarane presiserte at sjølv om det vart delt ut slike prisar, er ALLE spelarane like viktige for laget og dei var veldig fornøgde med innsatsen til spelarane sine denne sesongen.


Årets mest framgangsrike spelar på Gutar 2; Kjetil Pedersen.


Årets spelar på Gutar 2; Stian Svåsand.


Årets mest framgangsrike spelar på Gutar 1; Sondre Kleppe.


Årets spelar på Gutar 1; Bjarte Vik Larsen.

Aktivitetar

Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar
Open trening TURN
Osterøyhallen
07 mai
Ekstraordinært Årsmøte
Osterøy IL Klubbhus
18 mai
24 mai