Seier til jenter 16 i serieinnspurten!

I ein spanande kamp i flomlyset søndag kveld, trakk våre jenter det lengste strået og vann 3-2 over Eikanger.


Ein fornøgd gjeng etter kampen.

Eikanger kom best i gong og tok leiinga 0-1 midt uti første omgong, etter dette dominerte dei resten av omgongen og det såg mørkt ut for våre Osterøy/Fotlandsvåg/Haus jenter.

Men etter instruksar frå trenar Ida, kom jentene utigjen på bana med ny giv. Jentene tok ansvar og gjekk ganske fort opp i 1-1 til stor jubel frå sidelinja. No vart Osterøy det dominerande laget og fekk fortent eit mål til; 2-1!
Me på sidelinja meinte no at dommar Terje Lone trygt kunne blåsa av kampen, men slik vart det ikkje, istadenfor dømte han straffe til Eikanger.

Dette redda vår gode keeper for kvelden, Dorthe Neu Hatland, men ho måtte gje retur og den sette dei i mål, så då var me like langt.

Heldigvis hadde jentene meir krutt igjen i beina, så etter fleire stolpeskot og andre store sjansar, havna heldigvis ballen til slutt i nota og dette resultatet stod til kampens ende, så sluttresultatet vart 3-2 i vår favør!

Ein nervepirrande og utrulig spennande kamp for oss på sidelinja.


Ida gjev instruksar i pausen.


Jentene sin dyktige trenar; Ida Mjelde Hanstveit.


Jubel for Trine sitt flotte mål!


Kom og kjøp!!!! Ein optimistisk gjeng i vaffelbua…
.