Siste runde i Osterøyserien.
Torsdag 15. oktober 2009.
Veldig fornøgde 2001-jenter, f.v. Martine Kollvangsnes, Martine Norløff Solberg, Julie Gjelvik Skjerping, Nora Borge Solberg, Margarita Solberg og Madelen Balestrand. Liggjande; keeper Tiril Rongved.
Torsdag 15. oktober var det klart for siste runde i Osterøyserien for 2001-spelarane på Furubakken, Valestrand.
Sjølv om trenar Johnny hadde lova oss opphaldsver, var himmelens slusar vidopne også denne kampdagen.
Jentene starta første kampen mot Hausjentene, ettersom dette er det einaste reine jentelaget dei får møta i Osterøyserien, er det noko dei gler seg veldig til.
Osterøy opna best og etter kort tid hadde me ei 2-0 leiing. Hausjentene slo tilbake og fekk inn 2 mål, men då bestemte Osterøyjentene seg for å ta tak i kampen og gjekk av bana med siger 4-2!
Jentene våre i aksjon mot Hausjentene.
Andre kampen til jentene gjekk mot Fotlandsvåg sine gutar og eine jenta. Me fekk hjelp av Jonatan og Stian, men måtte innsjå at Fotlandsvåg sin tropp nok var bedre enn oss denne dagen, enda med 1-4 tap.
Tiril med innkast.
Til slutt var det gutane sin tur, dei spelte to parallelle kampar, begge mot Valestrand/Hjellvik.
I eine kampen hadde gutane eit overtak og leia 2-1, men etter litt "soving" eit par minuttar i 2. omgong, fekk Vhfk inn 3 kjappe mål. Kampen enda til slutt med 2-5 tap.
Andre gutekampen vart veldig spanande, det svinga fram og tilbake og på stillinga 2-1 til Valestrand/Hjellvik var Even åleina med keeper i siste speleminutt, men dessverre for Osterøy, så var keeperen deira veldig god, så han avverga eit uavgjort resultat.
Mange kjekke kampar, og som eine spelaren sa etter siste kampen; "Er me ferdige allerede? Eg kunne tenkt meg å spela mykje lenger!"
Neste samling er avslutning i Osterøyhallen fredag 30. oktober.
2001-gutane, bak f.v. Andreas Neu Beckstrøm, Eirik Løtveig, Herman Neu Beckstrøm, Even Nøttveit Våge, Jan Morten Hugnastad og Stian Heimvik Solberg. Framme f.v. Bendik Saxstad Søgnesand, Jonatan Gjerstad Skjerping, Snorre Martinsen og Vetle Rossland Jørgensen.
Stian i striregnet på Valestrand.