Osterøyserien 14.09.09

Osterøyserien 14.09.09 for 2001-spelarane.


Eirik kjempar iherdig.

Mandag var spelarane våre klare for ny dyst i Osterøyserien, denne gongen var det Valestrand/Hjellvik som var motstandarar.

Me var sett opp med 3 kampar og gutane starta optimistisk, men måla trilla inn bak vår keeper, så denne kampen enda med 12-1 i favør til heimelaget.

I andre kampen kom nye gutar til og då hadde trenarane våre, Johnny og Lillian, forklart at det var veldig viktig å vera først på ballen og kjempa om lærkula. Gutane satsa for fullt og kampen vippa fram og tilbake, men det vart siger til Valestrand/Hjellvik denne gongen også.


Jan Morten i farta.


Bendik har kontroll på ballen.


Andreas F.


Andreas B. på eit raid.


Kor vart da av ballen?

I tredje kampen var det nokon "utventa" jenter som endelig skulle få spela. Motstandarane deira var Valestrand/Hjellvik gutane i 2002-årsklassen.

Jentene gjorde ein flott innsats og fleire av gutane turde knapt å reisa seg etter å ha vorte takla av jentene.
Kampen enda med 5-0 siger til gutane, men neste gong tar me dei!


Tunga beint i munnen. Nora og Martine K
.


Julie hadde ingen respekt for gutane, Madelen, Margarita og Nora kjem etter.


Madelen og Margarita på eit løp.