Offisiell opning av kunstgrasbana

Laurdag er det offisiell opning av kunstgrasbana i Fugledalen. Etter 60 år i støypeforma er endeleg "Sentralidrettsanlegget" ferdigstilt. Dette skal behørig feira saman med ordførar, sponsorar, utøvarar og alle som engasjerer seg i Osterøy Idrottslag, Fotballgruppa.

-Eg kjem til å ønskja velkommen kl.13.00, seier "banegeneral" og Osterøy-eldsjel Ivar Solberg. -Deretter vil Jørgen Varden og Ronny Låstad prata om "vegen til målet" og prosjekteringa. Den offisielle opninga vil ordførar Kari Foseid Aakre stå for.

Kl. 15.00 vil 4. divisjonsoppgjeret mellom Osterøy og Øygard sparkast  i gang. -Det hadde vore kjempestas om så mange aktive i fotballgruppa som mogleg fann vegen til Fugledalen i anledning opninga – og kampen. Gjerne med Osterøy-draktene sine på! På den måten kunne me farga dagen GUL OG GRØNN, smiler Solberg. -Det hadde òg vore stas for a-laget, som slit i motbakke denne sesongen, avsluttar han.

Beskjeden til alle aldersfastsette spelara og deira føresette er dermed; Legg ettermiddagskaffien til Hatland og baneopning på laurdag. I uniform.

Aktivitetar

Open trening TURN
Osterøyhallen
07 mai
14 jun