Osterøy ned på jorda att

Det var ein optimistisk, og fulltallig, Osterøy-tropp som sette kursen mot Rosendal og botnoppgjer i 4. divisjon avdeling 1. laurdag. Osterøy hadde to gode resultat med seg i bagasjen, og med siger mot Rosendal ville det vera kontakt med Årstad, Laksevåg og Bremnes. Etter 90 minuttar i Baroni-bygda var det eit skuffa Osterøy som slukøyra rusla av bana etter sjokktap 5-2.

-Me er fryktelig dårlege i dag, er Vidar Rosnes sin korte kommentar etter kampen. – Første omgang spesielt, men me klarar ikkje å hente oss skikkelig opp att. Eit unødvendig og tungt tap å svelga, sluttar han.

Det var ikkje gått mange minuttane før den første ballen låg i nettet bak Einar Gjerstad. Bekymringa hadde då ikkje byrja breia seg i Osterøy-leiren; det var lenge att. Ikkje lenge etter utlikna dessutan Martin Dyvik etter "muskelforarbeid" av  Eirik Øvsthus og Thomas Langeland. No har me dei!

Men ute på bana var det ein annan kvardag. Osterøy spelarane hang ikkje med. Dei var hakket for sein i alle duellar, og andreballane tok heimelaget òg seg av. Når ein ikkje vinn duellar og pådreg seg mange frispark vinn ein gjerne ikkje fotballkampar. 3 mål til klara nemleg Rosendal å skåra før dommaren bles i fløyta for halvspela oppgjer. 4-1 bak til pause. Her trengs ein formindabel snuoperasjon.

I andre omgang er Osterøy betre, men skapar lite målsjangsar. Rosendal vinn framleis dei fleste duellane og har god kontroll på kampen. Etter vel 75. minutt hamrar dei kista att med si 5-1 skåring. Då hjelper det lite at Osterøy og Andreas Kollvangsnes gjer ei siste krampetrekning fem minuttar før slutt med si 2-5 redusering. I jorda med dei!

Godt nytt for Osterøy denne helga er at Bremnes tapte mot Loddefjord, samstundes som Årstad og Laksevåg delte poenga i sitt oppgjer. Det skal dermed ikkje vera ei umogleg oppgave å få eit eller to av desse laga bak seg når staus vert gjort opp i oktober.

KAMPAR I BOTNSTRIDEN

Rosendal:
Trott (b), Bremnes (h), Ny-Krohnborg (b), Loddefjord (b) og Øygard (h)

Osterøy:
Øygard (h), NHH (b), Årstad (h), Laksevåg (b) og VHFK (h).

Årstad:
VHFK (b), Os 2 (h), Osterøy (b), Trott (h) og Bremnes (b)

Bremnes:
Ny-Krohnborg (h), Rosendal (b), Øygard (h), NHH (b) og Årstad (h)

Laksevåg
Loddefjord (b), VHFK (h), Os 2 (b), Osterøy (h) og Trott (b)