osterøyserien 8/9 09

Osterøyserien jenter/gutar 2000 8.sept. 09

Tirsdag 8/9 var det klart for ny runde i Osterøyserien for jenter/gutar 2000, denne gongen i Haus.
Osterøy stillte med to lag som begge skulle spela mot Haus.
Høststormen rasa, og det regna på tvers medan vikingane frå Osterøy IL kjempa på mot hausingane.Om dei gule frå Haus er meir drilla på å spele fotball i liten storm enn våre spelarar, veit me ikkje , men dei tok iallfall innersvingen på Osterøy i dag.
Første kampen mot Osterøy 1 sitt lag enda til slutt 6-2 til Haus, andre laget til Osterøy håpa halda tritt med Haus, men i takt med vinden som auka på i andre omgong, rann måla inn til Haus, som vann kampen 13-4.
Hausingane var vanskelige å bekjempa i dag, men Osterøy 2000 satser  på å komma sterkare attende i neste runde!